Rapportskriving i naturfag og biologi
I all skriving er det viktig å vite kven ein skriv for. Forskarar skriv rapportar for å formidle resultat frå arbeidet sitt til andre forskarar og til publikum.
Når du skriv rapportar i naturfag eller biologi, må du tenke deg at du skriv for andre elevar som kan omtrent like mykje som deg, og for lærarar som skal vurdere arbeidet ditt.
Ein forsøksrapport skal innehalde det som er nødvendig for at lesaren skal forstå korleis forsøket er utført slik at hen kan attskape det. Det skal òg vere tydeleg kva konklusjonar som er trekte på kva grunnlag.
Hugs at du òg kan nytte rapporten til repetisjon og førebuing før prøver og eksamen. I skulen praktiserer vi vitskapelege arbeidsmetodar på ein enkel, men likevel seriøs måte.
Du kan få tips om oppsett og innhald i ein enkel forsøksrapport i den interaktive rapportmalen.
- Du kan få tips undervegs og hjelp til å lage eit ryddig oppsett av det du skriv, ved å nytte den interaktive rapportgeneratoren.
Namn, klasse, dato og tittel
Skriv ditt eige namn og namna på dei du eventuelt har samarbeidd med. Bruk datoen då forsøket blei utført. Overskrifta skal vere kort og beskrive kva forsøket går ut på.
Føremål (problembeskriving)
Her beskriv du kort kva for problem som skal undersøkast, og kva som er føremålet med forsøket.
Bakgrunnsteori
Til vanleg startar du rapporten med å vise til kjend bakgrunnsinformasjon som forsøket bygger på, og som er nødvendig for å forstå dette forsøket. Dette skal fortelje lesarane kvifor du ønsker å undersøke problemet, og bidra til å knyte saman teoretiske kunnskapar og praktiske erfaringar.
Her kan det vere aktuelt å skrive inn kjende reaksjonar som du vil nytte i forsøket, til dømes at jodløysning fargar stivelse blå. Reaksjonslikningar og figurar bør nummererast, slik at du kan vise til dei under drøftinga seinare i rapporten.
Bakgrunnsteori kan du finne i forsøk du har gjort tidlegare, på NDLA, i andre læremiddel og ulike nettressursar som du stoler på. Hugs å ta med kjeldetilvisingar.
I enkelte forsøk er det ikkje nødvendig å ta med bakgrunnsteori.
Hypotesar
Før du startar forsøket, lagar du ein eller fleire hypotesar. Ein hypotese må skrivast som ein påstand som kan testast med eksperiment. Hypotesen skal vere ei kvalifisert gjetting basert på tidlegare erfaringar og kunnskapar. Resultat frå eksperimenta vil avgjere om hypotesen blir forkasta eller akseptert.
Utstyr
Lag ei liste over utstyr og kjemikal som blir nytta i forsøket. Bruk gjerne bilete eller figurar som kan fylle ut beskrivinga.
Risikovurdering
Før du gjennomfører eit forsøk skal du gjere ei risikovurdering. Det betyr at du skal vurdere moglege farar ved å gjere forsøket og førebu deg på kva du skal gjere dersom noko går gale. Samtidig skal du òg gjere tiltak som reduserer faren for at noko skal gå gale. Skriv ei kort oppsummering av risikovurderinga du gjer, og ta ho med i rapporten din.
Du kan nytte Risikovurdering av forsøk – ein vegvisar til hjelp.
Metode/framgangsmåte
Metodebeskrivinga må vere nøyaktig og enkel, men likevel så detaljert at andre som vil etterprøve forsøket, lett kan forstå korleis du har arbeidd. Ta berre med viktig informasjon. Unngå alt som er ei sjølvfølge. Ofte kan det lønne seg å beskrive metoden punktvis.
- I metodedelen skal du skrive upersonleg i passiv form og i fortid. (Døme: "25 ml kaldt vatn blei tilsett i løysninga.")
- Språket skal vere presist, objektivt og nøkternt utan vurderingar eller omtale av resultat.
- Bilete og figurar av forsøksoppsett kan gi viktig tilleggsinformasjon til teksten. Bruk kamera eller mobiltelefon til å dokumentere forsøket. Det er òg mogleg å lage figurar av forsøksoppsett på nettsida chemix.org.
- Figurar og tabellar skal vere nummererte og ha ein tekst som fortel kva figuren/tabellen viser, og kven som har laga han. Illustrasjonar bør plasserast der dei høyrer heime i rapporten.
Resultat og observasjonar
Her skal du presentere resultata på ein oversiktleg og nøyaktig måte, gjerne punktvis.
Beskriv det du målte, såg, høyrde, lukta og følte, utan å vurdere resultata.
Målingar kan med fordel presenterast i ein tabell og som ein graf. No er det viktig å ha gode notat frå sjølve forsøket.
Du bør òg ta med reaksjonslikningar for kjemiske reaksjonar og eventuelle utrekningar du har måtta gjere.
Observasjonar kan godt dokumenterast som bilete med tilhøyrande kommentarar. Alle tabellar eller figurar bør ha figurnummer og tilhøyrande forklarande tekst.
Drøfting (tolking av resultat og feilkjelder)
Drøftinga er kanskje den viktigaste delen av rapporten. Her skal du forklare (drøfte) kva resultata fortel deg. Du kan ta utgangspunkt i det du skreiv i teoridelen og vise til nummererte figurar, reaksjonslikningar eller formlar.
Du må vere kritisk og vurdere om resultata er til å stole på, og om du har eit godt nok grunnlag til å trekke ein konklusjon.
Beskriv moglege feilkjelder, og vurder korleis dei kan ha påverka resultatet. Kva kunne du eventuelt ha gjort annleis for å redusere feilkjeldene? Vurder kvifor forsøket eventuelt ikkje gjekk som forventa.
Konklusjon
Når du trekker konklusjonar, må du gå tilbake til innleiinga. Ta utgangspunkt i det du har skrive om føremål og hypotese. Er føremålet oppnådd? Må hypotesane forkastast, eller kan dei verifiserast? Du skal kort og konkret slå fast kva forsøket viser. To til tre setningar kan vere nok.
Kjeldeliste
Her skriv du opp referansar til kjeldene du nytta då du gjorde forsøket, og då du skreiv rapporten. Lag ei liste der du fører opp forfattar/opphavar, årstal, tittel, URL og eventuelt forlag og sidetal. Sjå tips på nettsida kildekompasset.no. Hugs at det er strenge reglar om opphavsrett for bruk av bilete som ikkje er dine eigne.
Relatert innhald
Interaktiv test om korleis du skal utforme ein forsøksrapport.
Trinnvis gjennomgang av risikovurdering før du skal gjere eit forsøk.