Hopp til innhald
Oppgåve

Statistikk og forsking

Kva må vi tenke på når vi vel forskingsmetode? I filmen under fortel stipendiat Edvard Nergård Larsen om planlegginga og gjennomføringa forskingsprosjektet GEMM, og Erik Sjømælingen fortel om korleis ein kan bruke data frå SSB i eit forskingsprosjekt.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver til videoen

  1. Kva ville dei undersøke i GEMM-prosjektet som dei fortel om i videoen?

  2. Kva utfordringar møtte dei då dei skulle velje metode?

  3. Kva slags metode valde dei?

  4. Kva er fordelane og ulempene med ein slik metode i dette tilfellet?

  5. Kva for forskingsetiske utfordringar har denne metoden?

  6. Kva var resultatet av undersøkinga?

  7. Viser undersøkinga at norske arbeidsgivarar er rasistiske, trur du?

  8. Kvifor er slike undersøkingar nyttige?

  9. Kva meiner du det bør forskast vidare på etter denne undersøkinga?

  10. Kva bør vi gjere for å hindre diskriminering i arbeidslivet?

Vidare utforsking

GEMM-prosjektet vart godkjent av Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH). Les utsegna til NESH på forskningsetikk.no. Kva argument for og mot godkjenning legg dei fram?

Det er gjort fleire liknande undersøkingar. Søk på nettet og finn informasjon om den nyaste undersøkinga som tek opp denne problemstillinga. Kva viser ho?