360-laboratoriet
Institutt for biodesign ved Arizona State University i USA er eit stort forskingssenter der dei jobbar med å utvikle nye løysingar på globale utfordringar innan helse, berekraft og sikkerheit.
Du har blitt invitert til Versani-laboratoriet, som held til her, for å få eit innblikk i korleis det er å jobbe på eit laboratorium. Du har ein avtale med Ciara Harding, som forskar på virus hos ulike organismar.
Oppgåve 1
Beveg deg rundt i bygningen, og studer informasjonen som dukkar opp undervegs. Klarer du å finne fram til Versani-laboratoriet?
Klikk her for å starte 360-laboratoriet
Oppgåve 2
Møt forskar Ciara Harding.
Høyr kva ho har å fortelje, ved å halde musepeikaren slik at du får opp teksten "Listen to Ciara". Viss du ønskjer tekstversjon, kan du sjå etter CC-ikonet. Kva forskar ho på?
Kva organisme kan du sjå gjennom mikroskopet på Versani-laboratoriet? Kva kjenneteiknar denne organismen?
Oppgåve 3
Utforsk laboratoriet og instrumenta du finn her.
Kva blir dei ulike instrumenta brukte til?
mikroskop
ultrasentrifuge
pipette
gel-elektroforese
frysar
inkubator
bunsenbrennar
mikrosentrifugerøyr
sterilbenk for cellekulturar
Kvifor er det nyttig å skrive notat undervegs når du jobbar med eit forsøk?
Kva faresymbol finn du på laboratoriet?
Oppgåve 4
Ved å bevege deg rundt kan du prate med Simona, Joy, Savage, Junior og Arvind og høyre kva dei jobbar med.
Kunne du tenkje deg å jobbe på eit slikt laboratorium? Kva ville du studert?
Korleis bruker du 360-laboratoriet?
Klikk på ikona for å navigere deg rundt og få nyttig informasjon undervegs.
I menyfeltet kan du zoome deg inn og ut. Du kan òg slå på autonavigering, som gir deg 360-graders utsikt frå punktet der du står.
360-laboratoriet inneheld både tekstinformasjon, lydklipp og videosnuttar. Alle lydklippa er teksta (sjå etter CC-merket for å få tekstversjon).
Dr. Biology. (2018, 19. januar). Virtual Reality Tours of Biology. ASU, Ask A Biologist. Henta 23. mars 2022 frå https://askabiologist.asu.edu/games-and-simulations/virtual-reality-tours-biology