Hopp til innhald

Fagstoff

Måleusikkerheit, feilkjelder og variablar

Når vi skal måle noko, oppstår det ofte feil. Kor nøyaktig er måleinstrumentet og metoden? Finst det eit eksakt riktig svar, eller varierer det over tid? Finst det feilkjelder? Er du objektiv når du observerer, og kor mange siffer skal du bruke i svaret?

Samle, behandle og tolke data

Når du gjer målingar, samlar du data. For at du skal få mest mogleg korrekte målingar når du måler avstandar, tid, konsentrasjon eller masse, er det fleire forhold du må ta omsyn til. Du må på førehand finne dei faktorane som kan forstyrre resultatet. Det er også viktig å ha klart for deg kva eller korleis du skal måle. Det har stor betydning om du skal telle bakteriekoloniar i ei skål eller fuglar på fuglebrettet.

Foldefilter med jord plassert i trakt. Foto.

Når du behandlar data, må du vurdere korleis dei kan presenterast mest mogleg korrekt. Skal du oppgi ein feilmargin, presentere fleire resultat eller eit snitt, og kan dei framstillast grafisk?

Måten du har samla og behandla dataa på, vil ha betydning for tolkinga av dataa/resultata i etterkant. Då er det viktig at du har gjort eit godt førearbeid og kan forklare korleis målingane blei gjennomført.

Identifiser variablane

Faktorar som kan påverke kor stor avling det blir: sol, regn, jordsmonn, beite, pleie og konkurranse med andre vekstar. Illustrasjon.

Vi må finne ut kva som kan påverke resultatet av forsøket når vi skal gjere naturvitskaplege undersøkingar. Det vi gjer, er å finne dei forholda som kan endre seg i løpet av forsøket. Desse kallar vi variablane. Det er enklast å få tydelege resultat viss du endrar berre éin variabel om gongen.

Desse forholdsreglane (metodane) kan vere aktuelle i mange samanhengar, til dømes dersom du skal gjennomføre ei spørjeundersøking for å sjå om formuleringa av spørsmåla får utslag på resultatet.

Systematisk bruk av variablar – omgrep

  • Uavhengig variabel – den faktoren som vi endrar i forsøket.
  • Avhengig variabel – den faktoren som vi måler i forsøket.
  • Kontrollerte variablar – dei faktorane som må haldast konstante fordi dei kan påverke resultata. Desse må vere like kvar gong for at det skal bli ein best mogleg samanheng mellom uavhengig og avhengig variabel.

Metode

Når du har identifisert variablane, skal du prøve å finne ein metode der du kan kontrollere variablane i forsøket ditt. Då kan du teste ut verknaden av éin variabel om gongen, mens dei andre blir haldne konstante.

Ein serie med frø som spirer i ulike stadium. Foto.

Tenk gjennom:

  • Kva for variablar kan tenkjast å påverke spiringa til frø?

    Sorter i uavhengige, avhengige og kontrollerte variablar.

  • Lag ein hypotese om kva du trur påverkar spiringa.
  • Korleis kan du finne ut om hypotesen din stemmer?

Målefeil og feilkjelder

Målefeil er skilnaden mellom sann verdi og målt verdi. Dei kan vere både tilfeldige og systematiske. Det er alltid ein fare for å måle feil. Når du måler noko, anten det er masse, pH, lengde, temperatur eller tid, må du vere nøyaktig.

Viss du les av feil, bruker ein unøyaktig målemetode eller slurvar med å halde forholda like kvar gong du måler, får du tilfeldige feil. Dette påverkar resultata som varierer på ein usystematisk måte.

Konsekvent feil bruk av utstyr eller feil på utstyret gir systematiske feil som påverkar alle resultata. Så lenge vi ikkje kjenner sann verdi, veit vi heller ikkje kor stor målefeilen er.

Den menneskelege faktoren

Blå og gule striper med grønne kvadrater. Illustrasjon.

Vi menneske lèt oss lett påverke av det vi ønskjer å registrere, eller det vi føler at andre forventar. Dermed registrerer vi ofte at vi ser, luktar og høyrer noko anna enn det vi faktisk gjer.

Sidan to personar ofte observerer og les av målingar litt ulikt, kan det vere lurt at same person gjer alle avlesingane i eit forsøk.

To like lange linjer som ser ulike ut. Illustrasjon.

Sjølv om det er vanskeleg å unngå feller som kjem av menneskelege faktorar, kan det hjelpe at vi er klar over faren og prøver å vere objektive og ærlege når vi observerer.

Korleis kan vi minimere usikkerheita?

Her får du mange tips om korleis du kan få sikrare resultat i eksperimenta dine.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Metodar i forsking