Hopp til innhald
Fagartikkel

Sikkerheit i laboratoriet

For at laboratoriet skal vere ein trygg og praktisk arbeidsplass, er det viktig at alle følgjer sikkerheitsreglane og held orden på utstyr og kjemikaliar. Dette er ekstra viktig på skulelaboratorium, der det er mange ulike brukarar kvar dag.

Laboratoriereglar og sikkerheit

Kjennskap til sikkerheitsreglar, gode arbeidsrutinar og ordensreglar er ein føresetnad for å kunne arbeide i eit laboratorium. Når alt utstyr finst på sin faste plass, er godt reingjort og i orden, og kjemikaliar er reine og riktig merka, kan du jobbe effektivt og få pålitelege resultat.

Det er mange klassar som bruker skulelaboratoriet i løpet av ei veke, og viss ordensreglane ikkje blir følgde, blir det raskt ein rotete og upraktisk arbeidsplass. Av omsyn til di eiga og andre si sikkerheit er det også viktig at du berre gjer dei forsøka som læraren har godkjent.

Døme på ordensreglar:

Følgjande skal gjennomførast før du forlèt laboratoriet

  1. Vask alt utstyr etter bruk
  2. Kompletter utstyr i skap og skuffer
  3. Rydd og vask benk, vask og avtrekksskap
  4. Sorter avfall:

    1. Glas: i eigen behaldar for glasavfall
    2. Brannfarleg avfall: i raud metallkonteiner
    3. Risikoavfall (kjemikaliar, tungmetall, blodrestar): spør læraren
    4. Resten kan kastast i søppelbøtta eller tømmast i vasken.

Følg desse grunnreglane for å unngå skadar og for å auke sikkerheita:

Linker til fleire ressursar om sikkerheit i laboratoriet: