Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeid på laboratorium

På laboratoriet kan du lære mykje av eksperiment, drøftingar og refleksjonar. Det er spennande å arbeide på eit laboratorium, men det er viktig å planleggje godt før du startar. Grundig førearbeid gjer deg tryggare og aukar det faglege utbyttet.
To gutar analyserer jordprøver på laboratorium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Laboratoriet – rom for forsking

Somme kjenner nysgjerrigheita krible når dei kjem inn på eit laboratorium, mens andre føler seg usikre fordi det er så mykje å setje seg inn i og så strenge krav til nøyaktigheit. Når du blir kjend med utstyret og veit korleis det skal behandlast, er det både morosamt og interessant å jobbe på laboratoriet. Mange opplever at lærestoffet blir lettare å forstå når dei får prøvd ut teoriar i praksis.

Drøftingar og refleksjonar om metodar og resultat er ein viktig del av læringsprosessen. Ein annan viktig del av kunnskapsbygginga på laben går føre seg ved at vi får bekrefta resultat frå forsøk som andre har gjort tidlegare.

Før du set i gang forsøket

Uansett om du har ei ferdig beskriving av forsøket som skal gjerast, eller om det er eit ope forsøk som du sjølv har planlagt, må du tenkje gjennom desse punkta før du startar prosedyren:

  • Har du det utstyret og dei kjemikaliane som trengst?

    • Lag ei utstyrsliste eller les lista du har fått tildelt.
  • Må du arbeide i avtrekksskåp (personbeskyttelse) eller sterilbenk (produktbeskyttelse)?
  • Set deg inn i bruken av utstyret viss du ikkje kan det frå før.
  • Les datablad for dei kjemikaliane du skal bruke.
  • Tidsplan: Har du nok tid til å fullføre forsøket?

    • Viss ikkje må du finne ut etter kva trinn du kan stoppe, og kor lenge forsøket kan lagrast før du fullfører det.
    • Kvar kan du mellomlagre det uferdige forsøket ditt? Må du ta omsyn til lys og temperatur under lagring?
  • Korleis vil du dokumentere resultata i rapporten?

    • Kan du setje måleresultat inn i tabellar og framstille dei grafisk?
    • Dokumentasjon med foto og film er ofte nyttig. Mobiltelefonar er godt eigna til å fotografere gjennom okularet på mikroskop og stereoluper. Bruk gjerne ei hylse (ein tom dorull) som avstandshaldar og hjelp til stødig fokusering. Her finn du tips om bruk av mobiltelefon i undervisninga.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Einar Berg.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar i forsking