Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Stereolupe – innstilling og bruk

Stereolupa (binokularlupa) gir tredimensjonale bilete og moderate forstørringar som gjer det lett å få eit konkret forhold til preparatet. Stereolupa svært godt eigna til å studere små organismar, som symjande vasslopper i ei petriskål.
To jenter studerer plankton i stereoluper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tren på å stille inn lupa

Det kan vere nyttig å ha ein skriftleg instruks når du skal lære å behandle stereoluper riktig. Desse punkta er eit forslag til ein slik instruks.

Framgangsmåte

  1. Stereolupe, mobiltelefon og dorull som avstandshaldar. Foto.

    Tenn lyset. Bruk overlys og den minste forstørringa først.

  2. Juster avstanden mellom okulara, slik at han passar til auga dine.
  3. Legg til dømes ein mynt på plata under objektiva.
  4. Bruk fokuseringsskruen, og set hovudet med okulara i lågaste stilling.
  5. Sjå ned i okulara og lyft okularhovudet til du ser mynten tydeleg.

  6. Bruk no eitt auge om gongen og sjå om mynten blir like skarp for begge auga. Viss ikkje må okulara justerast.

  7. I tillegg til fokuseringsskruen som beveger objektiva, kan også det eine okularet fokuserast med ein såkalla diopter-ring.

    1. Begynn med det okularet som ikkje har diopter-ring.
    2. Lukk det eine auget, og bruk fokuseringsskruen til du får eit skarpt bilete av mynten.
    3. I det andre okularet bruker du diopter-ringen til å få eit skarpt bilete for det andre auget.
    4. Bruk no begge auga, og juster avstanden mellom okulara til du får eit samanfallande, tredimensjonalt bilete av mynten.
  8. Sirkelrundt bilete av vassinsekt. Foto.

    No kan du endre forstørring ved å skifte objektivpar. Dei sit i trommelen nedst på hovudet. Drei på trommelen til du høyrer eit lite knepp.
    Nokre stereoluper har zoom i staden for fleire objektivpar, slik du ser på det øvste biletet.

  9. Bruk skruen til å justere skarpleiken, sidan det forstørra biletet ikkje nødvendigvis er like skarpt over alt.
  10. Viss du ser på gjennomsiktige preparat, kan du bruke underlyset. På somme stereoluper er det mogleg å bruke over- og underlys samtidig.
  11. Før du set bort lupa, må du alltid tørke av eventuelt vassøl og leggje over støvhette.

Relatert innhald

Teknologiutviklinga opnar for mange nye moglegheiter til å bruke mobiltelefon i undervisninga i naturfag og biologi.

CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar i forsking