Biologi 1
Formeiring
Livet på jorda er i stadig forandring. Nokre artar døyr ut, mens nye artar blir utvikla. Nøkkelen til utvikling og evolusjon ligg i evna organismane har til å formeire seg. Berre gjennom vellykka formeiring kan ein art overleve på lang sikt. Plantar og dyr har utvikla mange måtar å formeire seg på.
Formeiring hos dyr
Dyra utgjer ei variert gruppe organismar, og det er naturleg at det er stor variasjon i måten dei formeirar seg på. I dette emnet skal du få oversikt over ulike strategiar dyra bruker for å formeire seg, ein prosess som kjenneteiknar alle levande organismar.