Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verdikjedeanalyse i ei lokal bedrift

Dei fleste stader i Noreg har ei bedrift som produserer varer eller tenester. I denne oppgåva skal de analysere verdikjeda til ei lokal bedrift. Kanskje finn de forbetringspunkt som de vil dele med bedrifta?
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve i par

  • Bruk litt tid på å finne ei bedrift i nærområdet som produserer varer eller tenester.
  • Finn informasjon om bedrifta på internett og/eller i andre medium.
  • Bruk Porters modell og lag ei oversikt over hovud- og støtteaktivitetane til bedrifta.
  • Kartlegg og analyser det de finn om bedrifta, og kom med forslag til endringar som bedrifta kan ha nytte av.

Relatert innhald

Omgrepet verdikjede kan brukast om prosessen frå råvare og fram til det ferdige produktet som kan seljast til sluttbrukar. Her lærer du meir om verdikjede.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2020

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling