Hopp til innhald

Fagstoff

Verdikjeda til ei bedrift

Når du et på restaurant, tenker du nokon gong på kva for ei reise råvarene har vore på før dei landa på tallerkenen din? Reisa som råvarer og andre produkt gjer fram til dei når oss forbrukarar, kallar vi for verdikjeda.

Kva er verdikjeda?

Omgrepet verdikjede blir brukt om prosessen frå råvare og fram til det ferdige produktet som blir selt til sluttbrukaren. Verdikjeda omfattar òg avfallshandtering og attvinning. Verdikjeda er ein heilskapleg prosess med mange ledd.

Dei ulike ledda i verdikjeda kan kallast for arbeidsoperasjonar. Som du ser i videoen over, er det ei rekke arbeidsoperasjonar som må utførast før ein kan servere ein matrett. I kvar arbeidsoperasjon får produktet tilført ein verdi.

Det kallar vi verdikjede fordi det blir skapt verdiar i kvart enkelt ledd i kjeda. Eit døme på verdiskaping er når ei bedrift kjøper inn råvarer og formar dei om til noko nytt – til eit produkt som skaper auka verdi for kunden. Det er det Vippa gjer når dei skaper råvarer om til ulike lunsj- og middagsrettar.

Verdiskaping

Verdiskaping er den meirverdien, eller tilleggsverdien, produkt får gjennom kvart ledd i verdikjeda. Måten produkta blir omarbeidde på, varierer, men felles for alle bedrifter er at dei bidreg til å gjere produkt meir verdifulle.

Verdikjeda i ei produksjonsbedrift

Verdikjeda til produksjonsbedrifter kan vere svært ulik frå verdikjeda til handelsbedrifter. Produksjonsbedrifta Vippa kjøper inn råvarer frå lokale produsentar så langt det er mogleg. Råvarene blir omarbeidde, mens måltidet og atmosfæren i mathallen er sluttproduktet.

I ei produksjonsbedrift kan verdiskapingsprosessen vere svært omfattande. Prosessen startar når bedrifta får råvarene, og blir avslutta når det ferdige produktet forlèt bedrifta.

Verdikjeda i ei produksjonsbedrift kan illustrerast slik:

Verdikjeda i ei produksjonsbedrift illustrert med åtte steg. Kvart steg har ei einsretta pil som leier til det neste. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdikjeda i ei handelsbedrift

I ei handelsbedrift vil produktet ofte ikkje bli endra frå det kjem til bedrifta, til det blir levert til kunden. Bedrifta marknadsfører og gjer produktet tilgjengeleg for kunden. Å gjere produktet tilgjengeleg, rettleie, yte service og behandle reklamasjonar er òg verdiskaping. Derfor kan kunden vere villig til å betale ein høgare pris for produktet enn bedrifta sjølv har gitt for det.

Netthandel skaper nye verdikjeder

Moderne netthandel skaper òg nye verdikjeder. I dag skjer sal i aukande grad via nettet. Varer blir då sende frå eit hovudlager, eller direkte frå ein produsent, til forbrukaren. Fleire selskap, mellom dei Oda, ser på moglegheita for å levere varer med dronar. Dette er eit døme på korleis ny teknologi kan skape heilt nye verdikjeder.

Fagomgrep
Handelsbedrift
er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.
Produksjonsbedrift
er ei bedrift som produserer og sel varer.
Verdikjeda til bedrifta
er prosessen i alle ledd frå råvara/produktet blir kjøpt inn til bedrifta, til produktet blir selt og går ut frå bedrifta.
Verdikjeda av produktet
er prosessen i alle ledd frå uthenting av råvarer til attvinning.
Berekraftig utvikling
er utvikling som møter dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling