Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk verdikjeda

Verdikjeda til ei bedrift er aldri sterkare enn det svakaste leddet sitt. Kva kan de finne ut om verdikjeda til lokale bedrifter?
Kjetting med eit ledd der samanføyinga har slitna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Jobb i par.

Vel ei bedrift på heimstaden dykkar. Det kan vere ei produksjonsbedrift eller ei handelsbedrift. Bruk informasjon frå nettsida til bedrifta.

1. Gjer reie for alle ledda i verdikjeda til bedrifta.

Tips til søkjeord de kan bruke på nettsida

Verdikjede

Om oss

Samfunnsansvar

2. Beskriv det som de meiner er det svakaste leddet.

Tips

Bruk det de fann av informasjon om verdikjeda til bedrifta. Ser de til dømes nokre svakheiter når det gjeld marknadsføring eller distribusjon?

3. Kom med forslag til forbetringar av det svakaste leddet.

Bruk kvalitetshjulet.

Kvalitetshjulet viser prosessen som sikrar god kvalitet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Utfyllande informasjon

Bedrifter må jobbe systematisk med å skape verdiar i alle ledd. Oppstår det feil eller avvik, må det setjast inn tiltak straks. Heile prosessen kan framstillast som vist i modellen «kvalitetshjulet».

4. I kva grad er bedrifta berekraftig? Grunngi svaret.

Tips

Les det som står under «Om oss» på nettsida til bedrifta.

5. Presenter verdikjeda til bedrifta for klassa.

Diskuter og oppsummer

Diskuter oppgåve 2 og 3. Noter ned gode forslag som kjem fram i diskusjonen, og lag ei oppsummering. Kanskje vil de sende forslaga dykkar til bedrifta?

Fagomgrep

Produksjonsbedrift er ei bedrift som produserer og sel varer.

Handelsbedrift er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.

Verdikjeda til bedrifta er prosessen i alle ledd frå råvara eller produktet blir kjøpt inn til bedrifta, til produktet blir selt og går ut frå bedrifta.

Verdikjeda til produktet er prosessen i alle ledd frå uthenting av råvarer til gjenvinning.

Berekraftig utvikling er utvikling som møter dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt behova sine.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2020

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling