Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er design?

Å designe betyr å gi form til noko. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis ein gjenstand skal sjå ut, og korleis han skal fungere. Gode kunnskapar om form, farge og materiale er viktig for å skape eit godt design.

Kva er design?

Å designe er å bestemme korleis eit produkt skal sjå ut og korleis det skal fungere. Ordet design blir brukt både om den skapande prosessen og om det ferdige resultatet.

Vi omgir oss med design heile tida, både i offentlege inne- og uterom og i heimane våre. Alt menneskeskapt rundt oss har ein utsjånad, og alt vi bruker gjennom ein dag skal fungere. Møtet vårt med fargar, form og funksjon skaper stemning og påverkar korleis vi har det.

Korleis skape god design?

For å skape produkt som har gode funksjonelle og estetiske kvalitetar må designaren ta omsyn til:

  • Kva skal produktet brukast til, og kven er målgruppa for produktet?
  • Kva for eigenskapar skal produktet ha? Kva for tekniske løysingar er det som varetek dette?
  • Kva for material eignar seg?
  • Korleis skal produktet sjå ut? Kva form og kva fargar kan skape det uttrykket du ønskjer at produktet skal ha?

Designarar arbeider ofte saman med andre yrkesgrupper. Ingeniørar kan hjelpe med tekniske løysingar. Ein fysioterapeut kan lære oss om ergonomi. Design som er brukt for å utvikle betre tenester og system, krev at fleire jobbar saman for å få til dette.

Illustrasjon som viser ein designar i studioet sitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Profilering

Logo Kristiansand Dyrepark. Illustrasjon.

Design er også viktig når det gjeld presentasjon av produkt. Korleis ein visuell profil kan brukast til å presentere eit firma, er eit designområde som det blir lagt meir og meir vekt på.

Design og berekraftig utvikling

I ei verd med avgrensa ressursar er det viktig at vi som designarar tenkjer på berekraft. Vi må ha kunnskap om materiale og produksjonsprosessar for å ta etiske og miljøbevisste val. Klarer vi å sjå korleis vala våre påverkar naturen?

God kvalitet gjer at produkt held lenger og ikkje treng å bytast ut. Moglegheit for å reparere og vedlikehalde kan motverke ”bruk og kast”-mentalitet.

Redesign

Å designe er ein skapingsprosess. Når du redesignar, betyr det at du skaper med utgangspunkt i noko som finst frå før.

Volkswagen Boble. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opphaveleg beskreiv redesign ein prosess der designaren tok utgangspunkt i eit eksisterande produkt og brukte idematerialet for å designe eit nytt produkt. Den nye og gamle versjonen av "Bobla" til Volkswagen er eit godt døme på dette. Då den nye «Bobla» kom på marknaden på slutten av 1990-talet, var det berre forma som minte om den klassiske bilen (Bråten, 2016).

I dag bruker vi som regel gjenbruk og redesign i samanheng med berekraft. Å sjå moglegheiter i noko som elles ville blitt kasta, kan på same tid skape haldningar til korleis vi behandlar ressursane våre.

Kjelde

Bråten, I. (2016). Redesign er ikke noe i seg selv. Henta frå: https://www.kunstogdesign.no/nyhetssaker/redesign-er-ikke-noe-i-seg-selv

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2023

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling