Hopp til innhald

Fagstoff

Vareflyt i verdikjeda

Har du tenkt på korleis produkta du kjøper, anten i butikk eller på nett, kjem dit og vidare heim til deg? Vareflyt handlar om korleis råvarer, halvfabrikat og endelege produkt blir frakta mellom dei ulike aktørane. Planlegginga og styringa av denne vareflyten kallar vi logistikk.

Vareflyt fram til sluttbrukar

Mange aktørar er involverte i arbeidet med å få fram varer til ulike sluttbrukarar. Vareflyten i dag går ikkje berre gjennom éi verksemd, men gjennom mange spesialiserte verksemder.

Logistikk

Varer skal leverast til rett tid og på rett stad, og helst på ein miljøvennleg måte. For å klare dette må ein planleggje og administrere vareflyten, og denne prosessen blir kalla for logistikk. Logistikk dreier seg om å styre vareflyten mest mogleg effektivt gjennom god service og så låge kostnader som mogleg.

Frå råvarer til sluttprodukt

Det meste av råvarene kjem frå primærnæringane, men ein aukande del råvarer kjem frå attvinning av avfall.

Vareflyten startar med uttak av råvarer frå primærnæringane. Derifrå går råvarene til industribedriftene, som gjer råvarer om til ulike halvfabrikat og ferdigvarer. Ferdigvarene går vidare til handelsnæringa, som formidlar varene via grossistlagera og butikkane sine fram til sluttbrukarane. Når sluttbrukarane kasserer varene, vinn vi att råvarene og bruker dei på nytt.

Sjå korleis dette fungerer i praksis i denne filmen frå fiskeri-industrien:

Flytskjema

Vi kan illustrere vareflyten gjennom ei bedrift ved hjelp av eit flytskjema. Eit flytskjema viser rekkjefølgja av dei aktivitetane bedrifta må gjennomføre. I tillegg viser det kva kontrollar bedrifta gjer for å forhindre at feil forplantar seg.

Vareflyten startar med at verksemda, til dømes Asko, som er ein stor daglegvaregrossist, får ein ordre frå ein kunde, til dømes ein Kiwi-butikk.

Skjema som viser stega i kvalitetssikringa av ein innkjøpsordre. Første steg er mottak av innkjøpsordre. Dersom ordren er OK, blir neste steg å rydde inn nye varer på riktig lageradresse. Dersom ordren ikkje er OK, blir dei neste stega å skrive avviksrapport og behandle denne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit plukkskjema viser trinna i vareflyten på eit av regionlagera til Asko – frå dei får inn ein ordre frå ein butikk, til varene er klare for transport og levering.

Skjema med boksar for kvart av trinna i vareflyten på eit grossistlager: mottak av innkjøpsordre, splitting av ordren i delordrar,  plukk av varer frå ulike delar av lageret, samanstilling av varene, vareoppstilling, lasting og transport. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter at salet er over på ein vanleg kvardag, bestiller alle butikkane som soknar til eit av regionlagera til Asko, nye varer frå dette lageret. Regionlageret får ordrane elektronisk. Datasystemet til regionlageret sorterer butikkordrane i fire delordrar. Frysevarer skal plukkast frå fryselageret, kjølevarer frå kjølelageret, tørrvarer frå lagersona for tørrvarer og frukt og grønt frå lagersona si.

Plukkarane i dei ulike lagersonene tek ut delordrane sine samtidig og byrjar å plukke. Når dei er ferdige, går varene til eit samanstillingsområde. Tørrvarer blir emballerte med plastfilm for at dei skal vere stabile under transporten. Varene blir merkte med namnet til butikkane og plasserte på eit oppstillingsområde for transport. Etter at alle varene som skal med den same køyreruta, er ferdigplukka, blir dei lasta på transportmiddel og køyrde ut til butikkane.

Lang rekkje stativ på hjul, fullasta med ulike daglegvarer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraft

For at vi skal klare å nå berekraftsmåla til FN, er det viktig å tenkje på berekraft i vareflyten òg. Asko bruker til dømes berre fornybart drivstoff, som hydrogen og drivstoff frå berekraftige kjelder. Også ferjetrafikken ser på nye løysingar, slik som den nye hybridferja til Color Line.

Fagomgrep

Vareflyt handlar om korleis råvarer, halvfabrikat og det endelege produktet blir frakta mellom dei ulike aktørane.

Logistikk handlar om å styre vareflyten mest mogleg effektivt gjennom god service og så låge kostnader som mogleg.

Primærnæringa omfattar jordbruk, skogbruk, fiske, fangst og mineralutvinning, altså næringar som framstiller råvarer.

Flytskjema er eit skjema som viser rekkjefølgja av dei aktivitetane eller prosessane som ei bedrift må gjennomføre.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling