Hopp til innhald

Fagstoff

Verdikjeda for REMA Pampas Entrecôte

Eigne merkevarer, ofte forkorta EMV, er merke som er utvikla og marknadsførte av til dømes ei butikkjede, og som berre blir selde hos denne butikkjeda. Her får du lære om verdikjeda for Rema sin eigen Pampas entrecôte.
Grilla entrecote med kryddersmør, bakte tomatar, asparges og bakt potet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå billigvarer til luksus

Tidlegare var EMV prega av billigvarer, og all vekt var lagd på pris. EMV blei først lansert for produkt der mange forbrukarar for å spare pengar var villige til å velje merke dei ikkje hadde erfaring med. Nokre døme er toalettpapir, reinhaldsprodukt, makrell i tomat og annan hermetikk. Tidleg på 1980-talet hadde Coop ein serie med EMV som dei kalla «blå-kvite varer». Framleis finn vi rimelege EMV, men tendensen er at kjedene sine eigne produkt er retta meir mot kresne og betalingsvillige kundar. REMAs Pampas entrecôte er eit slikt produkt.

Marknadsmakt

Mange meiner at kjedene ønskjer å utvide utvalet i EMV for å sikre seg større makt i marknaden. Når deira EMV er eit reelt alternativ til til dømes Gildes entrecôte, har dei ein betre posisjon overfor Gilde når prisar og andre vilkår skal forhandlast.

Storfe på rad og rekke som et gras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdikjeda

REMA har full kontroll over verdikjeda frå vara blir kjøpt inn i Uruguay, til ho ligg i hylla i din lokale REMA-butikk. Dei mest sentrale aktivitetane er:

  • innkjøp av råvarer.
  • emballering, pakking og nedfrysing.
  • transport til Noreg med båt.
  • transport til hovudlager med bil.
  • transport fra hovudlager til butikk med bil.
  • lossing, lagring og eksponering for sal i butikk.

I ei meir tradisjonell verdikjede kunne alle desse funksjonane vore fordelte på ulike aktørar.


Marknadsføring skaper meirverdi

Du hugsar kanskje TV-reklamane med Sven Nordin som hadde reist jorda rundt for å finne den beste biffen. Den fann han ifølgje reklamen på pampasen i Uruguay, og han samarbeider med REMA om å få han til Noreg. Nordin er berre éin av mange kjendisar som har stilt opp for ulike matprodukt.

Emballasjen er ein annan viktig faktor. Produktet er delikat presentert, slik at det framstår som eksklusivt.

Kampanjen til REMA har vore vellykka. Kjøtet frå Uruguay er populært hos kundane, og det kjem godt ut i testar.

REMA Pampas entrecôte kostar rundt 300 kroner kiloen. Samtidig blir liknande produkt av ytrefilet frå Sør-Amerika selde for ned mot 150 kroner kiloen (https://www.rema.no). Desse produkta har ingen sterk merkevare, dei blir ikkje assosierte med kjendisar, og dei er emballerte på ein enkel måte. God marknadsføring kan altså bidra til betydeleg meirverdi.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2018

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling