Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Transport i mobilen sitt liv

Undersøk transport i mobilen sitt liv og finn ut kor stor påverknad transporten har på kor berekraftig mobilen er.
Gult verdskart på blå botn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Del 1 – teikn reiseruta til ein mobiltelefon

  1. Finn døme på kor i verda material og delar til mobiltelefonar blir produserte.
  2. Ta utgangspunkt i at mobilen blir montert i Kina, og at han skal seljast i Noreg.

    Bruk eit verdskart og teikn inn omtrentlege reiseruter for mineral, delar og ferdigmonterte telefonar.

Last opp verdenkart og tegn i Sketchpad

Del 2 – transport og klimagassutslepp

  1. Finn ut kva for ulike transportmetodar som blir brukte i mobilen sitt livsløp.
  2. Berekn klimagassutsleppa som transportfasen bidreg med viss du skal transportere 100 tonn mobiltelefonar frå Kina til Noreg.

    Utslippskalkulator for godstransport

  3. Kva for transportmetode ville gitt lågast utslepp av klimagassar? Kvifor blir ikkje denne brukt?
  4. Samanlikna med dei andre fasane i mobilen sitt liv – kor viktig trur du transportfasen er med tanke på berekraft?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2019

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling