Verdikjeda for Salmalaks
Om overskrifta var «Kvalitet sel», ville det vore urettferdig mot dei som har hatt jobben med å marknadsføre Salmalaks. Dei har utvikla ei merkevare som på sitt sterkaste kan opplevast som eit eige fiskeslag – ein oppdrettslaks som er sunn, velsmakande og for mange ein føresetnad for å lage i stand populære fiskeretter. I dag er det mange som tilbyr ferskpakka fisk i norske butikkar. Fleire av dei seier at dei neppe hadde lykkast om ikkje Salma hadde gått føre og endra forbrukarane sitt syn på slike produkt.
Dersom vi tek utgangspunkt i Porters verdikjedemodell, vil vi sjå at hovudaktivitetane i verdikjeda for Salmalaks er tett knytte saman.
Inngåande logistikk
Inngåande logistikk vil for Salmalaks dreie seg om
- innkjøp og transport av lakseyngel
- innkjøp og transport av laksefôr
- oppdrett frå yngel til vaksen slaktefisk på rundt 4 kilo
- førebuing til slakting i eigen merd siste 24 timar før produksjon
Produksjon
Produksjon av Salmalaks skjer i løpet av knappe fire timar og er knytt til desse aktivitetane:
- slakting og manuell skjering av filetar
- vakuumpakking
- nedkjøling
- transportemballering
Utgåande logistikk
Utgåande logistikk må på same vis som produksjonen skje raskt og består av éin av desse aktivitetane:
- transport frå lakseslakteri til flyplass
- transport frå lakseslakteri til grossist
- transport frå lakseslakteri til hovudlager
- transport frå lakseslakteri til butikk
- transport frå lakseslakteri til restaurant
Ein stor del av distribusjonen skjer i TINEs distribusjonssystem. TINE er spesialistar på å transportere nedkjølte ferskvarer med kort haldbarheit. Salmalaksen har normalt ei haldbarheitstid på ti dagar etter slakting.
Sal og marknadsføring
Sal og marknadsføring er ein viktig del av verdikjeda til produkt og består mellom anna av
- oppfølging av restauranter, butikkar og kjeder
- merkevarebygging via reklame, samarbeid med leiande kokkar, media og mykje anna
- sals- og marknadstiltak mot forhandlarar, dels i samarbeid med TINE
- forsking og utvikling av nye produkt
Service
Service rettar seg mot både forhandlarar og sluttbrukarar. For Salma er dette spesielt aktuelt:
- ordrekontor
- brukaropplæring, både av forhandlarar, restaurantar og forbrukarar
- garanti- og reklamasjonsrutinar