Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig interiør

Interiørfaget kan gi eit viktig bidrag til berekraftstenking. Kva produkt vi vel, har innverknad på marknaden og utviklinga. Som forbrukarar kan vi påverke leverandørar av møblar og inventar til å tenke gjenbruk og bruk av berekraftige materiale når dei designar produkta sine.

Berekraftig utvikling

Ansvarleg forbruk og produksjon er FN sitt berekraftsmål nummer 12. Grafikk.

FN sitt berekraftsmål nummer 12 dreier seg om ansvarleg forbruk og produksjon. Dette handlar mellom anna om å bruke ressursane meir effektivt. Vi har i ei årrekke kjøpt det vi treng, berre basert på estetikk og pris.

Forbrukarane i dag blir stadig meir klare over at vi har eit val. Vi kan innreie heimen vår med tanke på berekraftig ressursbruk. Dette medvitet blir spegla i at fokuset til leverandørane på berekraft, aukar. Produksjonen av varer må ta omsyn til miljøet og rettane til arbeidarane. Ukritisk forbruk kan bidra til forureining, at viktige ressursar på kloden vår blir mangelvare, og at barnearbeid blir akseptert.

Kvalitet og tidløyse

I staden for å hive deg på trenden i sesongen, bør du velje meir tidlause løysingar. Tenk heilskapleg og vel design som kan leve lenge. La gjerne hovudelementa i interiøret ha tidlause fargetonar, så kan du heller eksperimentere meir med aksentfargar. Aksentfargane skal framheve hovudfargane på ein harmonisk måte og brukast gjerne i detaljar.

Ved å bruke materiale og produkt som varer, unngår vi "bruk-og-kast"-mentalitet. God haldbarheit gjer det mogleg å gjenbruke og reparere produkt.

Mønstrete gul retrostol står ved sida av eit lite bord og ein potteplante. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftige materiale

Berekraftige materiale er fornybare og har ein miljøvennleg produksjon. Ull og lin er døme på tekstil som kan erstatte syntetisk framstilte produkt. Det er fleire typar naturmateriale som fornyar seg sjølve, slik at vi kan bruke materialet utan at det blir stadig mindre av det. Til dømes er bambus rekna som eit berekraftig treslag. Det er ei plante som veks fort, som har effektiv vass- og arealbruk, men bambus veks ikkje i Europa og må fraktast over lengre avstandar. Vi kan redusere utslepp frå transport ved å velje kortreiste materiale. Norske tresortar er eit godt døme på dette.

Eit anna døme er linoleum. Dette er eit naturleg golvprodukt, fordi det består av organiske materiale. Hovudingrediensane er linolje, jute, harpiks, tremjøl og kalkstein. Det er slitesterkt og biologisk nedbrytbart. Linoleum blir produsert fleire stader i verda. Her har vi eit val om vi vil kjøpe varer frå Skandinavia eller frå andre kontinent.

Kva materiale som blir rekna som berekraftige, kan endre seg viss det blir for stort press på desse materiala. Dette skjer òg viss prosessen med å foredle eit naturprodukt, krev store mengder energi eller bruker giftige kjemikal. Bomull er eit naturprodukt, men det blir gjerne brukt mykje kunstgjødsel og sprøytemiddel i produksjonen. Marknadsføringa av "organisk bomull" kan gi signal om miljøvern og berekraft, utan at produksjonen var økologisk. Ved produksjon av økologisk bomull bruker bøndene naturleg gjødsel og unngår giftige, kjemiske plantevernmiddel og genmodifiserte bomullsfrø.

Korleis materiala blir framstilte, og kva overflatebehandling som er brukt, er ein viktig del når du skal vurdere om eit materiale er berekraftig. Du må òg ta omsyn til levetid. Å bruke miljøvennlege materiale er ikkje verd så mykje viss dei må skiftast ut kvart femte år. Då kan eit litt mindre miljøvennleg materiale som varar i 15 år, vere eit meir berekraftig alternativ.

Sertifiseringar og miljømerking

Når du skal gjere innkjøp, er det umogleg å få oversikt over alle sider ved eit materiale eller eit produkt. Dei ulike bransjane har utvikla ulike ordningar som skal gjere det lettare å ta informerte val. Sertifiserings- og merkeordningar kan gi oversikt over ressursbruk, sosiale forhold og miljøpåverknad. Fleire produsentar informerer om kva miljøtiltak og sertifiseringar dei har. Viss dei ikkje gir opp denne informasjonen, kan det vere ein grunn til å leite vidare etter alternativ. Set deg inn i kva ulike miljømerke betyr. Her er nokre døme:

Svanemerket

Miljømerket Svanen. Kvit stilisert svane på grøn bakgrunn. Skjermbilete.

Svanemerket er det offisielle miljømerket i dei nordiske landa. Det ser på livsløpet til ei vare: frå produksjon til bruk og avfallshandtering.

EPD

Environmental Product Declaration (EPD) er ein miljødeklarasjon. Det betyr eit dokument som oppsummerer miljøprofilen til ei vare eller teneste. Ein EPD blir laga etter ein analyse av livsløpet til produktet.

Cradle to Cradle

"Cradle to Cradle" betyr "frå vogge til vogge" på norsk. Dette erstattar uttrykket "frå vogge til grav". I staden for å sjå på materiale som noko som blir forbrukt og blir til avfall, kan vi tenke gjenvinning, og korleis materiale kan brukast i nye samanhengar. Forlatne fiskegarn som forsøplar havet, har til dømes vorte til tekstil i møbelindustri.

Ein kontorstol framom stablar av resirkulert aluminium. Foto.

Selskapet Flokk er leiande på marknaden innan design, utvikling og produksjon i Europa. Dei har fokus på berekraftig design og ser verdien av gjenbrukte materiale. På Stockholm Furniture Fair 2019 stilte dei ut kontorstolar som er laga av resirkulert aluminium, mellom anna frå brusboksar. Tekstila var ullstoff eller resirkulert havavfall gjort om til møbelstoff.

Redesign

Å designe er ein skapingsprosess. Når du redesignar, betyr det at du skaper med utgangspunkt i noko som finst frå før. Å sjå moglegheiter i noko som elles ville vorte kasta, kan samtidig skape haldningar til korleis vi behandlar ressursane våre. Gjennom gjenbruk og redesign kan interiørfaget gi eit viktig bidrag til berekraftstenking.

Kjelde

The Norwegian EPD Foundation. Hva er en EPD? Henta 8. juni 2020 frå https://www.epd-norge.no/hva-er-en-epd/

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes, Inger Gilje Sporaland og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2023

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling