Hopp til innhald

Fagstoff

Porters verdikjede

Korleis kan vi kartleggje om bedrifta bruker pengane sine fornuftig? Gir all aktivitet meirverdi for bedrifta? Kva ledd er minst lønnsamt? Ved bruk av Porters modell kan vi undersøkje verdiskapinga i dei ulike ledda i verdikjeda.

Porters verdikjedemodell

Michael E. Porter, professor ved Harvard Business School, har utvikla ein modell for å analysere verdikjeda. Modellen vart utvikla for å kunne sjå nærare på kvar i verdikjeda bedrifta kan gjere endringar som medfører positiv verdiskaping.

Modellen til Porter tek utgangspunkt i produksjonen til ei bedrift av varer eller tenester, samtidig som han gir innsikt i korleis bedrifta er bygd opp.

Når vi analyserer ei verdikjede, ser vi på om bedrifta bruker mest tid og pengar på det som bidrar til størst inntekter. Dei ulike oppgåvene bedrifta bruker tid og pengar på, blir her kalla aktivitetar. Vi ser i illustrasjonen ovanfor at Porter skil mellom to hovudtypar av aktivitetar:

  1. Hovudaktivitetar eller primæraktivitetar er aktivitetar som er direkte retta mot produksjon og verdiskaping.
  2. Støtteaktivitetar eller sekundæraktivitetar er aktivitetar som på ulike vis støttar opp under primæraktivitetane.

Eksempel

Verdikjeda for Salma-laks blir kjenneteikna ved at alle ledda i kjeda er knytte tett saman. Kvalitetssikring og hygiene i alle ledd sørgjer for eit godt Salma-produkt. Det tek maksimalt fire timar frå laksen blir teken opp av sjøen til han ligg i vakuumposen.

Laks, heil og oppdelt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudaktivitetar

Inngåande logistikk vil for Salma-laks vere

  • innkjøp og transport av lakseyngel
  • innkjøp og transport av laksefôr
  • oppdrett frå yngel til voksen slaktefisk på rundt 4 kg
  • førebuing til slakting i eigen merd siste 24 timar før produksjon
Sjøanlegg for laks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produksjon av Salma-laks skjer i løpet av knappe fire timar og er knytt til følgjande aktivitetar:

  • slakting og manuell skjering av filet
  • vakuumpakking
  • nedkjøling
  • transportemballering

Utgåande logistikk må på same måte som produksjonen skje raskt og kan bestå av éin eller fleire av følgjande aktivitetar:

  • transport frå lakseslakteri til flyplass
  • transport frå lakseslakteri til grossist
  • transport frå lakseslakteri til hovudlageret til kjeda
  • transport frå lakseslakteri til butikk
  • transport frå lakseslakteri til restaurant

Ein stor del av distribusjonen skjer i TINE sitt distribusjonssystem. TINE er spesialistar på å transportere nedkjølte ferskvarer med kort haldbarheit. Salma-laksen har normalt ei haldbarheitstid på ti dagar etter slakting.

Sal og marknadsføring er ein viktig del av verdikjeda av eit produkt og består mellom anna av

  • oppfølging av restaurantar, butikkar og kjeder
  • merkevarebygging via reklame, samarbeid med leiande kokkar, media og mykje anna
  • sal og marknadstiltak mot forhandlarar, dels i samarbeid med TINE
  • forsking og utvikling av nye produkt

Service rettar seg mot både forhandlarar og sluttbrukarar. For Salma er dette spesielt aktuelt når det gjeld

  • ordrekontor
  • brukaropplæring, både av forhandlarar, restaurantar og forbrukarar
  • garanti og reklamasjonsrutinar
  • formidling av varefakta og oppskrifter
  • kundeoppfølging
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling