Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftsdilemma

Korleis kan vi sikre økonomisk vekst og samtidig oppnå ei sosial, økonomisk og miljømessig berekraftig utvikling? Dette er eit berekraftsdilemma som ofte oppstår. Ved hjelp av eit døme frå Hammerfest skal vi sjå på korleis dilemmaet kan arte seg i praksis.
LNG-anlegg med små og store bygningar og to høge tårn med gassflammar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


LNG-anlegget på Melkøya

Vi, ei gruppe forskarar som måler berekraftig utvikling i nordnorske kystkommunar, er om bord på hurtigruta på veg inn til Hammerfest by. Til venstre for oss ser vi Melkøya med -anlegget, og på rekkje og rad ute i fjorden ligg dei raude gasstankskipa som skal frakte naturgassen frå Snøhvitfeltet ut på verdsmarknaden. I strålande solskin og ein isande vind fortel guiden på hurtigruta begeistra om dette ingeniørkunststykket.

Frå ubehandla naturgass til LNG

Frå brønnane i Barentshavet strøymer ubehandla gass og lettolje gjennom ei 140 kilometer lang røyrleidning til Melkøya. Naturgass blir skild ut og kjølt ned, og den iskalde flytande gassen blir lagra i store tankar før han blir skipa ut til marknaden. Lettolje, vatn og CO2 blir òg skilde ut frå gasstraumen. Vatnet blir reinsa og sendt ut att, lettolja blir teken vare på, mens CO2 blir pumpa tilbake til havbotnen.

Ein energikrevjande, men inntektsbringande prosess

Å kjøle ned gassen krev store mengder energi. Energien får ein frå eit eige energianlegg som blir drive av nettopp gass, og dette anlegget åleine sender ut rundt 1 million tonn CO2 i året. Det svarer til rundt 2 prosent av dei samla CO2-utsleppa frå Noreg. Samtidig som utsleppa er store, er det òg store inntekter frå gassalet: I løpet av 10 år har anlegget eksportert gass for 100 milliardar kroner.

Frå fisk til petroleum

Hammerfest er ein moderne og triveleg by, og i dag er det lite som minner om dei slitne murbygga som blei reiste her i all hast etter krigen. Fiskeindustrien har vore ein berebjelke for samfunnet. Industrien vaks raskt i 1960-åra, og Findus-anlegget som tok imot fisk frå trålarar i Barentshavet, hadde på det meste meir enn 1200 tilsette. Seinare blei anlegget og trålarrettar selde og skilde frå kvarandre. Leveransane stoppa opp, og i dag er det berre rundt 80 tilsette att i Norway Seafood sitt anlegg på Forsøl. Den gamle Findus-fabrikken er riven, og på den gamle tomta har det reist seg eit gnistrande kulturhus.

Hammerfest by på ein klar og stille dag. Hurtigruta ligg til kai i hamna. I bakgrunnen ser vi LNG-anlegget på Melkøya. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag har Hammerfest fått ein ny berebjelke i petroleumsindustrien. Vi møter plan- og bygningssjefen i kommunen, og han fortel oss at LNG-anlegget på Melkøya gir rundt 600 arbeidsplassar, og at skatteinntektene frå petroleumsindustrien er på rundt 200 millionar i året.

Berekraftsdilemmaet

er at inntektene frå ein industri som er nært knytt til global oppvarming, har gitt rom for å investere i lokal berekraft. Det handlar om skule og barnehagar, kultur og friluftsliv, naturvern og verneområde. Vi har altså eit dilemma mellom lokal og global berekraft.

«Er de ikkje redde for at inntektene frå gassindustrien plutseleg skal ta slutt?» spør vi plan- og bygningssjefen. «Nei, så lenge vi investerer pengane i å skape eit berekraftig lokalsamfunn der folk trivst, vil vi vere meir motstandsdyktige for dei endringane og utfordringane som kjem», forklarer han. «Ikkje alle små samfunn i Arktis, der gruveselskap og oljeselskap etablerer seg, kan vise til same suksesshistorie. Det handlar om å ha tilstrekkeleg lokal kapasitet og ta aktivt del i styringa av utviklinga», legg han til.

Vi har òg eit møte med representantar for naturvern, friluftsliv, jakt og fiske, oppdrettsnæring, oljeindustri og Kystverket. Her oppstår ein livleg diskusjon om berekraftig utvikling og alle dilemmaa som er knytte til dei ulike berekraftsmåla. Slett ikkje alle er samde i at petroleumsindustrien er ei rein velsigning, spesielt ikkje med tanke på utsleppa av klimagassar. Fleire er djupt bekymra for forureining, plastavfall og utslepp av gruveavfall i Repparfjord. Dei uroar seg over at mange marine artar er truga, og dei er bekymra for fiskeplassar, lever og måseegg og for korleis ein skal klare å vidareføre ein levande kystkultur der unge deltek aktivt. Dei meiner at fisk må førast i land og tilarbeidast lokalt, og at lokal eigarskap er viktig. Forsking og innovasjon er noko dei trekkjer fram som viktig i jakta på løysingar, både for å sikre berekraftig bruk av marine ressursar og for å finne nye måtar å bruke ressursane i havet på som gjer det mogleg å dekkje det aukande matbehovet i verda.

Tenk etter

Kva er dilemmaet her?

Har du døme på berekraftsdilemma i nærområdet ditt?

CC BY-SASkrive av Per Fauchald, Norsk institutt for naturforskning. Rettshavar: forskning.no
Sist fagleg oppdatert 06.03.2020

Læringsressursar

Verdikjeda og berekraftig utvikling