Hopp til innhald

Fagstoff

Bioenergi og miljø

Er bioenergi CO2-nøytralt? Ikkje heilt. Sjølv om planten slepper ut den same mengda CO2 som han tek inn under fotosyntesen, blir han utsett for energikrevjande prosessar på vegen frå frø til ferdig produkt.

Det krev energi å lage biodrivstoff

Det går til dømes an å lage biodrivstoff frå smør, men då må ein tenkje på at det krev energi å lage smør frå mjølk. Eit anna døme er at det blir brukt maskiner som bruker drivstoff, når plantane, til dømes sukkerrøyr, skal haustast inn. Energien som blir brukt, er ikkje nødvendigvis fornybar energi. Men sjølv om bioenergi ikkje er CO2-nøytralt, er det heilt klart meir miljøvenleg enn fossile energikjelder.

Arealkonflikt mellom mat og energi?

Bønder kan produsere bioenergi, men det hender at situasjonen blir framstilt som om det står mellom mat og energi: Areal som kunne vorte brukte til dyrking av mat, blir brukte til å dyrke biomasse til energiføremål. Påstanden er feil. Berre 1 prosent av matvarene som blir produserte i dag, går inn i energiproduksjon.

Døme: mais og raps

Det som skjer, er at bøndene gjærar mais og får bioetanol. Restane av maisen går til dyrefôr. Bøndene tener ofte mykje meir pengar på å selje matprodukt og dyrefôr enn bioetanol.

Eit anna døme er raps. Raps gir oss to produkt: Det første er olje som kan gjerast om til biodiesel, og det andre er eit proteinrikt stoff som kan brukast til å produsere kraftfôr. Dette fôret blir mellom anna brukt til å feite opp dyr som vi i Vesten et. Dyra liker dette proteinrike stoffet mykje betre enn karbohydrat.

Biomassen kan utnyttast fleire gonger

Media liker å overdrive og seier at biodrivstoff fører til matkrise, men dette er ikkje rett. Ved å produsere biodrivstoff får du både mat og drivstoff.

Som nemnt blir den same mengda CO2 som planten tek inn i fotosyntesen, sleppt ut når han døyr. På den måten vil det vere miljøvenleg å utnytte energien til eit føremål, i staden for at planten berre rotnar. Men for at dette skal vere effektivt, bør biomassen vere innom så mange ledd som mogleg. Til dømes kan biomassen gå gjennom ein prosess der vi utnyttar kjemikaliar og lagar møblar eller etanol av han, før vi brenn han. På denne måten får vi utnytta ressursen fleire gonger.

Bioenergi versus fossile energikjelder

Ein av dei viktigaste grunnane til at bioenergi ikkje er meir utbreidd enn det er i dag, er fossile energikjelder som olje. Ein kan bruke bioenergi i staden for olje, men olja er mykje billegare og enklare å framstille.

Før oljeeventyret starta, var det folk som forska på bioenergi, men då olja kom på 1960-talet, vart all bioenergiforskinga lagt til side. Kva hender då når eventyret tek slutt? Forskarar i USA og Tyskland har forska på biomasse i mange år, men det er vanskeleg sidan det er uvisst om det er noko å tene pengar på. I det siste har dei kome fram til kjemikal som kan erstatte petroleumskjemikal, men førebels blir det for dyrt.

Bioenergi er likevel det beste miljøalternativet av dei to, sidan ein slepp å hente opp CO2 frå bakken og sende det ut i lufta. All CO2-en frå biobrenselet var her frå før.

Noreg

Fram til 1900-talet var ved den viktigaste energikjelda i Noreg. I dag har vasskrafta teke over, men framleis finst det hus der ved er den viktigaste kjelda til oppvarming. Ny teknologi har redusert mengda partiklar som blir sleppte ut frå omnane. Samanlikna med resten av Norden bruker ikkje Noreg mykje bioenergi. Det er berekna at bruken av bioenergi i landet vårt utgjer ei energimengd tilsvarande 4 prosent av det totale energiforbruket (tal frå 2008 i Brænd & Hofstad 2020).

Verda

Bioenergi er antakeleg den viktigaste energikjelda til minst halvparten av befolkninga i verda. Spesielt i Afrika, Asia og Latin-Amerika er ved den viktigaste kjelda til oppvarming og matlaging. I framtida ser det ut til at landa USA, Brasil, Malaysia, Indonesia, Argentina, Filippinane og Tyskland vil bli dei største produsentane i verda av biobrensel.

Fordelar

  • Miljøvenleg: Bioenergi er så å seie CO2-nøytralt. Når biomassen blir brend, slepper han ut like mykje CO2 som han tok inn under fotosyntesen. For å sikre ei stabil, berekraftig utvikling er det viktig at det etterpå blir planta nye tre og plantar som tek inn like mykje eller meir CO2. Men når ein dyrkar mais til dømes, kan det hende ein bruker kunstgjødsel frå naturgass. På den måten blir ikkje etanolen som blir framstilt, heilt CO2-nøytral, men samanlikna med fossile energikjelder er dette miljøvenleg.

  • Utnyttar ressursar: Når ein plante døyr, slepper han ut all CO2-en han tok inn mens han levde. Det vil derfor ikkje spele noka rolle om vi haustar inn vekstane for å utnytte dei, så lenge vi plantar nye plantar slik at vi får nytt biomateriale.

  • Ei god løysing: Det er ønskjeleg at all energien i framtida skal komme frå fornybar energi. Men på nokre område er ikkje til dømes vasskraft og vindkraft til noka nytte. Luftfart, skipsfart og lastebiltransport over lange distansar kan førebels ikkje nytte elektrisk kraft eller hydrogen. Her er biodrivstoff kanskje den einaste miljøvenlege løysinga.

  • Utnyttar restprodukt: Bioenergi gir oss ei moglegheit til å utnytte ressursane til fulle. Avfall frå mat, plantar, jordbruk og dyr, som elles ville bli kasta, kan bli brukt til å lage bioenergi-produkt.

Ulemper

  • Ein fornybar ressurs på vilkår: Ei utfordring med bioenergi er at ein ikkje kan utnytte så mykje ein vil. Det må vere igjen nok organisk materiale på jorda til at CO2-en som blir tilført atmosfæren gjennom forbrenning av biomasse, blir teke opp av andre plantar igjen. Berre på denne måten er bioenergi ei fornybar energikjelde.

  • Økonomi: I forhold til olje er bioenergi svært dyrt, og derfor er det få som satsar på det.

  • Avskoging og matmangel: Viss vi ikkje er forsiktige, kan bioenergi forårsake avskoging, mat- og vassmangel og andre sosiale og miljømessige konsekvensar. Befolkningstalet på jorda er i stadig vekst, noko som betyr at fleire og fleire skal ha mat. Det er viktig at vi finn ein balanse mellom kor mykje av dyrkinga som går til mat, og kor mykje som går til bioenergi. Media har ein tendens til å overdrive på dette området – dette er ikkje noko stort problem i dag.

  • Regnskogøydelegging: "Jordas lunger" er allereie hardt utsette for skogsdrift. Det er ikkje ønskjeleg at endå større delar av regnskogen blir hogde ned for å bli brukte som biomasse eller gjorde om til dyrka mark.

Kjelder

Brænd, T. & Hofstad, K. (2020, 16. september). Bioenergi. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1246917

UngEnergi. (2022, 12. januar). Hva er bioenergi. https://ungenergi.no/energikilder/bioenergi/hva-er-bioenergi/

CC BY-NC-SARettshavar: Ungenergi.no
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk