Bildekk, bilbatteri og elektronisk og elektrisk avfall frå næringslivet
Bedrifter som skal levere bildekk, bilbatteri og elektrisk og elektronisk avfall til gjenvinning, må bruke returselskap som er godkjende av Miljødirektoratet. Miljødirektoratet har oppretta eit digitalt register over godkjende returselskap. Her finn ein alltid oppdatert informasjon.
Dekkforhandlarar kan velje å regummiere kasserte dekk eller utnytte dei kasserte dekka til å lage andre produkt. Alternativt må forhandlarane, som har plikt til å ta kasserte dekk vederlagsfritt i retur, levere dekka til ein godkjend innsamlar. Selskapet Norsk Dekkretur AS administrerer ordningane med mottak, innsamling og sal av dekk.
Forhandlarar av bilbatteri har plikt til å ta brukte bilbatteri vederlagsfritt i retur. Batteria leverer dei vidare til godkjende innsamlarar.
EE-avfall er kort for elektronisk og elektrisk avfall. Alle produsentar og importørar av EE-avfall skal vere knytte til eit godkjent returselskap. Gjenvinning av EE-avfall er spesielt viktig, for denne typen avfall blir i svært liten grad broten ned i naturen. I tillegg inneheld EE-avfall verdifulle metall som kan gjenvinnast. Kopar og aluminium, til dømes, er vanlege metall i høgspennings- og lågspenningskablar og i ulike elektriske apparat.