Hopp til innhald
Fagartikkel

Næringsavfall

Her lærer du at offentlege og private verksemder sjølve har ansvar for å ta hand om næringsavfallet sitt. Du lærer også litt om korleis avfallet blir delt inn i fraksjonar.

Forureiningslova § 27 definerer næringsavfall slik:

«Som næringsavfall reknar ein avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar.»

I tillegg seier § 32 i lova:

«Næringsavfall skal bringast til lovleg avfallsanlegg med mindre det blir gjenvunne eller brukt på annan måte. Forureiningsstyresmakta kan samtykkje i anna disponering av avfallet på nærmare fastsette vilkår. Forureiningsstyresmakta kan i forskrift eller i det enkelte tilfellet påleggje produsenten å levere næringsavfall til kommunalt avfallsanlegg.»

Næringsavfall omfattar ei rekkje avfallstypar. Nokon fraksjonar leverer næringslivet til dei kommunale innsamlingsordningane mot betaling. Andre fraksjonar leverer dei til godkjende private innsamlarar mot betaling. Innsamlarane transporterer og sel avfallet vidare til behandlingsanlegga for avfallsfraksjonane.