Hopp til innhald

Fagstoff

Løner berekraft seg?

Er økonomisk lønsemd og berekraft i konflikt med kvarandre? Før meinte mange at det ikkje var lønsamt å drive etter prinsipp for berekraft. Dette har forandra seg. I dag er det forventa at bedrifter tek samfunnsansvar ved å passe på at verdikjeda er berekraftig.
Kvinne snakkar. FN-flagget i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vår felles framtid

FN-rapporten Vår felles framtid, som vart gitt ut av Verdskommisjonen for miljø og utvikling, kom allereie i 1987. Før utgivinga hadde kommisjonen arbeidd i nesten tre år med å avdekkje dei miljømessige utfordringane på jorda. I rapporten vart omgrepet berekraft introdusert.

FN sette i år 2000 dei såkalla millenniumsmåla, som politikarane i verda skulle arbeide med fram mot 2015. Dette var konkrete berekraftsmål. FN fornya måla i 2015, frå 6 mål til 17, som beskriv korleis verda burde vere i 2030.

Kven har ansvaret for at jorda har store miljøproblem? Er det politikarane, bedriftene eller forbrukarane?

Samfunnsansvaret til bedriftene

Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) definerer berekraft i næringslivet på denne måten:

  • Økonomisk berekraft handlar om å nytte ressursane på ein slik måte at dagens økonomiske utvikling ikkje går på kostnad av framtidig økonomisk utvikling.

  • Sosial berekraft handlar om å sikre at alle menneske får eit rettferdig og godt grunnlag for å kunne leve eit anstendig liv. Menneskerettar er det viktigaste utgangspunktet for dette.

  • Berekraftig klima og miljø. Den auka ressursbruken frå ein veksande og stadig rikare befolkning påverkar klimaet og miljøet. Vi nyttar fleire ressursar, men jorda har avgrensa ressursar.

Berekraftig forretningsmodell

Berekraftige forretningsmodellar skal ta omsyn til berekraft i tre dimensjonar: økonomi, menneske og klima. Dette kan bedriftene gjere på to måtar, enten ved å fornye ei eksisterande bedrift, eller å etablere ei ny drift.

Når ei eksisterande bedrift ønskjer å bli berekraftig, krev dette at ein går gjennom alle sider ved bedriftsverksemda. Bedrifta må gå gjennom kva leverandørar bedrifta nyttar, og krevje at leverandørane tek berekraftsomsyn. Ein må også gå gjennom eigen produksjon, distribusjon og generell drift med tanke på berekraft.

Ved oppstart av ei ny bedrift er kanskje berekraft eit konkurransefortrinn bedrifta vil nytte. Du har ein idé om eit nytt produkt eller ein produksjonsprosess som du veit marknaden ønskjer. I denne prosessen må berekraftsdimensjonane prege både planlegginga og den endelege drifta.

Sertifisering av berekraftige bedrifter

For å utnytte konkurransefortrinnet ved å vere berekraftig, er det nyttig å vere sertifisert. Med aukande fokus på berekraft, har det oppstått ein naturleg skepsis blant kundar om bedriftene og produkta faktisk lever opp til krava om berekraft. Med eit stempel frå ei sertifiseringsordning kan bedrifta dokumentere at dette er i orden.

Politisk styring mot berekraft

Styresmaktene påverkar rammevilkåra til bedriftene og forbrukarane i berekraftig retning, ved å innføre lover og forskrifter. Til dømes er det stor semje blant politikarane om at forbrukarane i Noreg i større grad må kjøpe elektriske bilar. Målsetjinga er at det frå 2025 berre skal seljast elektriske bilar.

For å få til eit større sal av elektriske bilar har regjeringa gjort det billigare å kjøpe elektriske bilar i staden for fossilbilar. Det er for tida (2021) nullsats på meirverdiavgift for elektriske bilar. I tillegg er det reduserte bom- og parkeringsavgifter.

Smartby

Byar og kommunar utforskar òg korleis dei kan bli meir berekraftige. Smartby er eit omgrep som blir brukt internasjonalt, og ein smartby har som mål å nytte digital teknologi til å gjere byen betre for innbyggjarane, og meir produktiv.

Ålesund er ein smartby

Ålesund er eit døme på ein smartby. Ålesund har laga ein framtidslab, i samarbeid mellom Ålesund kommune, NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet) og næringslivet i Ålesund. Det er berre to offentlege framtidslaber i verda, ein i Wien i Austerrike, og denne i Ålesund. FNs 17 berekraftsmål er utgangspunktet for satsinga, og Ålesund ønskjer på denne måten å bli ein smart og berekraftig by.

Berekraftsmåla skal realiserast gjennom eit samarbeid mellom innovative teknologiselskap, universitetsmiljøet i Ålesund og kommunen. Forsking og utvikling på fremtidslaben skal gå føre seg i tett kontakt med befolkninga og lokalt næringsliv. Målet er å utvikle Ålesund til ein attraktiv, klimavennleg og trygg by å bu og arbeide i.

Kjelder

NHO. (2020, 6. januar). Bærekraftig utvikling blir viktigere for eiere, investorer og långivere. https://www.nho.no/tema/energi-miljo-og-klima/artikler/bedriftene-ma-ogsa-vare-barekraftige

Miljøfyrtårn. (u.å.). Stiftelsen Miljøfyrtårn. Henta 8. juli 2021 frå https://www.miljofyrtarn.no

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (2019). Smarte byer og kommuner i Norge – en kartlegging (R1020566). https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/smarte-byer-og-kommuner-i-norge-en-kartlegging/id2630289

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 26.07.2023

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk