Organiseringa av avfallsinnsamlinga
Innsamlingssystem for ulike avfallsfraksjonar er bygde opp over tid i eit samarbeid mellom styresmakter (stat og kommune) og næringslivsaktørar. Etter kvart har partane sett det som føremålstenleg å slå saman administrasjonen av innsamling av enkelte avfallsfraksjonar.
Retursamarbeidet LOOP er ei stifting som er etablert av returselskapa i Noreg. Returselskap er alle materialselskapa og i tillegg andre som varetek produsentansvaret gjennom innsamling og gjenvinning av brukte produkt som til dømes elektriske artiklar og kvitevarer, batteri og bildekk.
LOOP er pådrivar for tiltak rundt kjeldesortering og gjenvinning av avfall i Noreg. I tillegg er LOOP ein samarbeidsarena for alle som jobbar med avfall, kjeldesortering og gjenvinning.
LOOP driv òg nettstaden www.sortere.no, som inneheld oppdatert informasjon og nyheiter om kjeldesortering og gjenvinning. Nettstaden inneheld praktisk informasjon om kjeldesortering og avfallshandtering både for private og for næringslivet.
Nedanfor finn du lenkjer til returselskapa som er etablerte for dei ulike avfallsfraksjonane.
Batteri: www.batteriretur.no
Bilvrak: www.autoretur.no
Bølgjepapp: www.resy.no
Drikke- og emballasjekartong: www.grontpunkt.no
Elektriske og elektroniske produkt (EE): norsirk.no
Flasker og boksar: www.infinitum.no
Glas- og metallemballasje: www.glassmetall.no
Kuldemedium (kuldeanlegg, kjøleskap, frysediskar og så bortetter) www.returgass.no
Metall- og plastspann: www.tomtogtort.no
PCB-haldige isolerglasvindauge: www.ruteretur.no
Plastemballasje: www.grontpunkt.no
Dekk: www.dekkretur.no
Om du i framtida skal transportere ulike typar avfall, er det viktig at du set deg inn i reglane som gjeld. Alle lenkjene gir utfyllande informasjon. Eit døme er retur av skaddebilbatteri, som fell inn under regelverket for transport av farleg gods (ADR), medan kasserte, men uskadde bilbatteri ikkje gjer det.