Hopp til innhald

Fagstoff

Farleg avfall frå hushald

Her lærer du om korleis farleg avfall frå hushald skal behandlast. Farleg avfall blir òg kalla spesialavfall eller miljøfarleg avfall. Slikt avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff.
Ein haug med elektronisk avfall. Mange leidningar og nokon metallbitar i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avfallsforskrifta om farleg avfall

Farleg avfall kan medføre alvorleg forureining eller fare for skade på menneske eller dyr og skal derfor behandlast særskilt.

Avfallsforskrifta § 11-10 pålegg kommunane å ta imot inntil 1 000 kg farleg avfall totalt per år per avfallseigar.

Avfallsforskrifta § 14-3 pålegg òg kommunane å få inntil 500 kg PCB-haldige isolerglasruter per år per avfallseigar. Dette kjem i tillegg til pålegg i § 11-10.

Avfallsforskrifta § 11-11 pålegg hushald som leverer farleg avfall,

  • å gi opplysningar om innhaldet og eigenskapane til avfallet så langt dette er mogleg
  • å sørge for at emballasjen er tydeleg merkt
  • å levere farleg avfall til kommunalt mottak for farleg avfall eller i utleverte spesialdunkar eller esker

Døme på farleg avfall frå hushalda

Hushald kan ha farleg avfall som

  • oljeprodukt, kjemikal og målingsprodukt
  • reingjerings- og vedlikehaldsprodukt som pussemiddel, flekkfjernarar, rustfjernarar, låsespray og så vidare
  • produkt med kvikksølv, termometer, lysstoffrøyr, gamle batteri med meir (nye miljømerkte batteri kan kastast saman med vanleg restavfall)
  • knappcellebatteri (til klokker og liknande) og oppladbare kadmium- eller iridiumbatteri (til mobiltelefonar og liknande)
  • plantevernmiddel, rottegift og soppmiddel
  • hobbykjemikal, lim, fotokjemikal, korrekturlakk og naglelakk

Nasjonalt anlegg for farleg avfall

Innsamlarane tek vare på det farlege avfallet i konteinarar og transporterer det til behandlingsanlegg for spesialavfall. Det nasjonale anlegget vårt for farleg avfall ligg på Langøya utanfor Holmestrand. Det blir drive av selskapet NOAH.

Foto av lang og smal øy med vegar, grustak, tankanlegg og kai.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2023

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk