Metall-, kartong- og plastavfall frå næringslivet
Metall kan smeltast om og brukast på nytt, og metallavfall har derfor ein kommersiell verdi. Alle som produserer metallavfall, sel slikt avfall vidare til gjenvinningsbedrifter.
Det finst eit omfattande nettverk av bedrifter som sorterer, omarbeider og omset skrapjern og metall som aluminium og koparlegeringar. Ordninga omfattar også bilvrak.
Norsk returmetallforening organiserer bedrifter som driv med metallinnsamling og gjenvinning.
Selskapet Norsk Resy AS administrerer innsamling og gjenvinning av brun fiber (kartong, bølge- og massivpapp).
Dei som sit med store mengder brukt kartong, bølge- eller massivpapp, kan inngå avtalar med etablerte returpapirhandlarar om henting, eller dei kan sjølve levere avfallet direkte til handlarane eller til papirfabrikkane for gjenvinning. Direktelevering er gratis, ved henteoppdrag skal den som hentar, ha betaling. Kartong- og pappavfall skal oppbevarast åtskilt frå anna avfall og på ein slik måte at det er eigna for gjenvinning.
Selskapet Plastretur AS administrerer innsamlingssystemet for plastemballasje frå næringslivet i Noreg. Innsamlings- og ombrukssystema omfattar desse plasttypane:
Eingongsemballasje
- folie/film
- flasker, kanner, ballongar (inklusive kapslar)
- beger, spann, boksar
- esker, kasser, brett, pallar
- storsekker i vove polypropylen (PP)
- annan eingongsemballasje
Ombruksemballasje
- nye ombruksflasker, ombrukskanner og ombruksballongar
- nye ombruksesker, ombrukskasser, ombruksbrett og ombrukspallar
- annan ny ombruksemballasje