Hopp til innhald
Fagartikkel

Emballasjeavfall

Her lærer du litt generelt om innsamling av emballasjeavfall. Du får vite litt om kven som står bak innsamlinga, og korleis ho blir finansiert.

Emballasjeavfall kan vere både hushaldsavfall og næringsavfall. Innsamlinga av emballasjeavfall skjer på bakgrunn av frivillige avtalar mellom Miljøverndepartementet og næringslivet.

Innsamlinga av emballasjeavfall skjer i regi av ulike materialselskap. Det heile blir finansiert ved at alle bedriftene betaler inn ei avgift til materialselskapa rekna ut etter mengda emballasjeavfall dei produserer.

Materialselskapa sikrar innsamling og gjenvinning av desse typane emballasjemateriale: brun fiber, glas, metall, plast, emballasjekartong og drikkekartong.

Om du går inn på www.syklus.no, får du ei god innføring i kva som skjer med glas- og metallemballasjen vi samlar inn. Der finn du òg videosnuttar som viser korleis avfallet blir gjenvunne til nytt råstoff, og korleis dette inngår i heilt nye produkt.