Hopp til innhald
Fagartikkel

Bygg- og anleggsavfall og trevirke

Her lærer du litt om bygg- og anleggsavfall og om trevirke.

Bygg- og anleggsavfall (BA-avfall)

Bygg- og anleggsavfall består av

  • bygnings- og rivingsavfall
  • anleggsavfall

Bygnings- og rivingsavfall omfattar i hovudsak metall, trevirke, glas og betong. Slikt avfall kan innehalde store mengder miljøfarlege stoff. Byggherrane må utarbeide særskilde avfallsplanar i samsvar med gjeldande regelverk.

Anleggsavfallet består i stor grad av lausmassar og sprengstein. Mykje slikt avfall blir brukt som masse til nye veganlegg eller som fyllmasse.

Trevirke

Utanom reglane om behandling av trevirke som er bygg- og anleggsavfall, finst det ingen lover eller forskrifter som sikrar auka gjenvinning av trevirke. Det eksisterer heller ingen avtalar mellom styresmaktene og bransjane om gjenvinning av trevirke. Avfallstrevirke blir i all hovudsak omdanna til flis og flisbrikettar og brukt til brensel.