Gå gjerne inn på lenkja og bli litt kjend med kven Oda er, og kva dei står for: Oda (oda.no).
Gå saman i grupper og diskuter med utgangspunkt i spørsmåla
På kva måte trur de at transport- og logistikkbransjen kan bidra til eit betre miljø?
Korleis kan transportfirma minimere CO2-utsleppa sine?
Kor viktig er det at transport- og logistikkbransjen går i ein meir miljøvennleg/berekraftig retning?
I podkasten snakkar dei litt om sjølvkøyrde køyretøy og automatiserte lager. Kva tenkjer du om dette?
Vil automatiserte køyretøy føre til mindre miljøbelastning, og i så fall på kva måte? Kor realistisk er det, og kva utfordringar ser bransjen for seg?
Kva skjer med dei tilsette ved automatisering?
· Vil funksjonar forsvinne?
· Vil tilsette bli overflødige?
· Kva for nokre nye funksjonar må fyllast?
· Kva trengst av ny kompetanse?Kva seier dei i podkasten om framtidige handelsmønster, og på kva måte vil dette påverke transport- og logistikkfunksjonane?