Hopp til innhald
Fagartikkel

Hushaldsavfall

Det er kommunen som har ansvar for hushaldsavfallet. Lær meir om dei ulike typane hushaldsavfall.

Eit kommunalt ansvar

Kommunane har ansvaret for å samle inn og få avfall frå hushalda. Nokre kommunar har danna kommunale eller interkommunale avfallsselskap som tek hand om avfallet.

Kva skal kjeldesorterast?

Kommunane bestemmer sjølve kva avfallstypar dei vil kjeldesortere. Dei bestemmer også om hushalda skal levere avfallet heime eller på eit returpunkt.

Renovasjonsavgift

Alle hushalda betaler ei årleg renovasjonsavgift som skal dekke kostnadene kommunane har med å samle inn og behandle avfallet. I nokre kommunar inkluderer renovasjonsavgifta levering på gjenvinningsstasjonar, andre stader må hushalda betale ei tilleggsavgift for dette.

Inndeling av hushaldsavfall

Hushaldsavfallet blir delt inn i ulike typar, på fagspråket kalla fraksjonar. Det er to hovudgrupper hushaldsavfall, emballasjeavfall og produktavfall.

Emballasjeavfall

Emballasjeavfall er til dømes drikkekartong, plast, emballasjekartong, glas og metall.

Produktavfall

Produktavfall er mellom anna papir, tekstil, medisinrestar, elektronisk og elektrisk avfall, bilvrak, bildekk og bilbatteri. Også våtorganisk avfall, det vil seia eller matavfall, høyrer heime her. Dette avfallet er lett nedbrytbart.

Produktavfall kan også vere farleg avfall. Til dømes er KFK-gassar (klorfluorkarbongassar), som ein framleis finn i gamle kjøleskap og frysarar, skadelege for ozonlaget.

Restavfall er avfall som ein kommune ikkje har kjeldesorteringsordning for. Kva som blir rekna som restavfall, vil variere frå kommune til kommune, for ikkje alle kommunane har komme like langt i utbygginga av innsamlings- og behandlingsordningane sine.