Våtorganisk produksjonsavfall
Våtorganisk produksjonsavfall er lett nedbryteleg organisk avfall som slakteavfall, fiskeavfall og matavfall frå storhushald. Våtorganisk industriavfall omfattar i tillegg myse, brød, mjøl, sjokolade med meir. Slikt avfall gjekk tidlegare til gjenvinning og blei brukt til fôrproduksjon, men i dag blir det meste energigjenvunne, for EU har innført forbod mot innblanding av matavfallsrestar i produksjon av dyrefôr.
Gjenvinning av våtorganisk avfall skjer berre i dei regionane som har anlegg for fôrproduksjon i rimeleg nærleik. Våtorganisk avfall som ikkje eignar seg til fôr, går til kompostering. Avfall frå norske husdyrslakteri, det vil seie avskjer, innvolar, bein, blod og så vidare frå slakting, og dessutan kasserte slakt, blir i stor grad sende til destruksjonsverka i Sør-Noreg og utnytta til produksjon av kjøttbeinmjøl og feitt.
Organisasjonen Norsk forening for gjenvinning av matrester (GAM) organiserer innsamling av matrestar frå storhushald og innsamling og gjenvinning av fiske- og rekeavfall til produksjon av pelsdyrfôr, husdyrfôr og oppdrettsfôr. Fiskeavskjer blir male opp til fiskemjøl, som blir brukt som proteintilskot i kraftfôr til svin, pelsdyr og fjørfe.