Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg ein kampanje mot mobbing

Lag ein plan for ein kampanje mot mobbing på skulen. Kampanjen skal bestå av ein video, ein plakat og eit arrangement i regi av elevrådet.
Jenter som sladrer i biblioteket
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

  1. Definer kven som er målgruppa for kampanjen, og kva de ønsker å oppnå.
  2. Formuler ei problemstilling som kampanjen skal dreie seg om. Hugs at problemstillinga skal vere enkel og konkret.
  3. Lag ei dreiebok som viser kva videoen skal handle om.
  4. Lag ei skisse som viser kva plakaten skal fokusere på.
  5. Lag ei beskriving av arrangementet som elevrådet skal ha ansvar for.
  6. Ta kontakt med skuleleiinga og be om å få sjå skulen sin handlingsplan mot mobbing.
  7. Gjer ein avtale med rektor om korleis lærarane og leiinga skal støtte opp rundt haldningskampanjen mot mobbing.
  8. Ta kontakt med elevrådet og avtal korleis kampanjen kan inngå som ein del av elevrådet sitt arbeid for eit godt skulemiljø.
  9. Lag ei skisse som viser kva for mediestrategi de vil bruke for å informere om kampanjen.
  10. Gjer greie for korleis de vil måle effekten av kampanjen i etterkant.

Relatert innhald

Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.

Har du tenkt på fordelane ved å tilsette ein blind medarbeidar? Det gjorde reklamebyrået Try då dei laga ein haldningskampanje for Noregs blindeforbund.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Slik planlegg du ein medieproduksjon