Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein pitch for eit TV-konsept

Du skal selje inn eit konsept til ein norsk TV-kanal. Du kan anten finne på ein idé til eit nytt programkonsept, eller velje eit eksisterande TV-format som enno ikkje har vorte vist på norsk fjernsyn.
Marius Samuelsen får gulldryss over seg i Idol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdraget


Du arbeider for eit produksjonsselskap og skal selje inn eit programkonsept til ein norsk TV-kanal.

Du kan velje eitt av desse scenarioa:

  1. Du har ein idé til eit nytt programkonsept på TV, og du prøver å selje han inn på eit ope pitchemøte der representantar frå NRK, TV 2 og TVNorge er til stades.
  2. Du finn eit eksisterande programkonsept som enno ikkje har vorte vist på norsk TV. Konseptet ønskjer du å selje inn på eit ope pitchemøte der representantar frå NRK, TV 2 og TVNorge er til stades.

    Utforsk nettsidene til dei største produksjonsselskapa i verda for å finne den neste, store snakkisen på norsk TV. Leit til dømes hos Banijay Group eller hos Fremantle.

Kva er ein pitch?

Ein pitch er ei kortvarig framføring av ein idé for ein potensiell oppdragsgivar. I løpet av nokre få minutt skal du få andre til å tenne på ideen din og sjå potensialet i han.

Med andre ord: Tenk deg at du møter ein programredaktør frå TV 2 i heisen. I løpet av heisturen må du rekke å fortelje om programideen din og overtyde han eller henne om at TV 2 bør satse på å utvikle programmet ditt. Når heisdørene går opp, er sjansen brukt opp.

Her kan du lese meir om pitching.

Elevar presenterer i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette gjer du

  1. Finn ideen din og gjer research. Kven er målgruppa? Er ideen original? Kvifor skal TV-kanalane kjøpe programmet? Ta notat.
  2. Lag ein pitch for å selje ideen din. Eit godt råd frå bransjen er: «Keep it simple, stupid!» Start gjerne med ei utsegn som gjer folk nyfikne. Du kan illustrere pitchen din med enkle skisser eller stillbilete. Ikkje grav deg ned i detaljar. Det gidd ingen å høyre på. Og hugs: Dersom ikkje du er entusiastisk, blir ikkje andre det heller!
  3. Presenter pitchen for nokon i klassen. Gi kvarandre terningkast frå 1–6 til kvart av punkta under. Kanskje han eller ho med best skår kan pitche for heile klassen til slutt?
Punkt om pitching til vurdering med terningkast. Raud terning med eit spørsmålsteikn på ei av sidene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Slik planlegg du ein medieproduksjon