Kjeldearbeid og målgrupperetting i NRK-serien Rådebank
Episodane i NRKs dramaserie Rådebank er inspirert av verkelege hendingar i rånemiljøet i Bø, Notodden og Ulefoss.
Gjer søk på nett og finn ut: Kva er ein rånar? Kva betyr ordet rådebank?
Kven er målgruppa til Rådebank?
Kva er behovet til målgruppa, ifølgje innhaldsutviklar Ellen Ramstad i NRK?
Korleis jobbar NRKs utviklingsavdeling for å lære om målgruppa?
Kvifor bruker NRK tid på grundig kjeldearbeid?
I videoen gir innhaldsutviklar i NRK, Ellen Ramstad, ei kort innføring i NABC-metoden.
Kva er NABC-metoden? Forklar stega i metoden. Søk på nett, eller sjå korleis du kan utvikle ein idé med NABC-metoden i denne videoen frå YouTube.
Kvifor trur du at NABC-metoden har vorte eit nyttig verktøy for å utvikle idéar i NRK?
Korleis kan du bruke NABC-metoden når du jobbar med oppgåver i mediefag?
Sjå dei første minutta av Rådebank-episoden "Parkert" (fram til tittelen, ca. 05:40). Vurder korleis starten på serien møter behovet til målgruppa.