Arbeidsoppdrag
Finn opp ein klima-app!
Mange ønskjer å bidra mindre til utslepp av klimagassar, men dei veit ikkje heilt kvar dei skal starte. Finn opp ein app som gjer det motiverande å ta klimavennlege val!
Del 1
Kvifor treng vi ein klima-app? Bruk to minutt på å diskutere med sidemannen din kva som gjer at folk ikkje tek klimavennlege val, sjølv om dei eigentleg ønskjer å gjere det.
Del dette med klassen for å skape ei felles forståing av problemet de no skal bidra til å løyse.
Del 2
Sjå filmklippet under.
Diskuter i klassen: Korleis kan vi bruke det som kom fram i filmen, i planlegginga av appen vår?
Del 3
Kom med ein idé til ein ny app eller ei digital plattform som løyser problema de beskreiv i del 1, og som går fram av filmen i del 2.
- Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear.
- Gå så saman i grupper på tre for å utveksle idear. Jobb saman med å utvikle ein felles app-idé. Illustrer ideen dykkar med teikningar.
- Fordel desse oppgåvene i gruppa:
- Éin gruppemedlem skal ha ansvaret for å drive arbeidet framover og passe på at alle får bidra i diskusjonen.
- Gruppemedlem nummer to skal ha ansvaret for å notere ned alle idear som dukkar opp.
- Den tredje gruppemedlemmen skal ha ansvaret for å søkje opp informasjon som de kan bruke i arbeidet. Han eller ho skal òg passe på at gruppa svarer på oppgåva med bidraget sitt.
Del 4
Presenter app-ideen dykkar for klassen:
- Forklar korleis de trur appen vil gjere det lettare å leve miljøvennleg.
- Korleis har de løyst nokre av problema som de beskreiv først i oppgåva?
Del 5
Diskuter og vurder alle app-forslaga i klassen. Kva for ein av ideane trur de vil fungere best? Kvifor? Sjå spesielt på desse punkta:
- Korleis har appen lagt til rette for at brukaren skal bli motivert til å ta miljøvennlege val?
- Korleis synleggjer appen effekten av dei vala som brukaren tek?
- Korleis trur de appen vil bli teken imot av ulike brukargrupper?
- Kor lett er det å realisere app-ideen?