Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk NABC-metoden i idéutvikling

Du har ein genial idé, men får ikkje den responsen du ønskjer. Prøv NABC-metoden for å kvalitetssikre og utvikle idéen vidare.
Unge menneske i eit kontorfellesskap. Ein mann med kaffikopp ser på noko ei kvinne viser han på eit nettbrett. Foto.

I denne oppgåva skal du bruke NABC-metoden som ei sjekkliste for å teste ut ein idé i ein tidleg fase av produksjonsprosessen. NABC-metoden kan hjelpe deg å finne ut kven som er publikummet ditt, og kva idéen din gjer for dei. Kanskje erfarer du undervegs at det er ting du kan justere for å forbetre idéen din?

Om NABC-metoden

NABC-metoden vart opphavleg utvikla på Stanford Research Institute i USA og rettar fokuset mot brukarane og behova deira. I dag blir metoden brukt òg av kreative hovud i idéutviklingsfasen.

NABC står for:

For at ein idé skal kunne brukast, bør du ha klare svar på dette:

N står for behov – need

Kva for behov dekkjer idéen din? Oppfyller idéen eit reelt behov? Gir den noko som publikum treng eller ønskjer seg?

A står for framgangsmåte – approach

Korleis vil du lage og utforme idéen? Tenk over kva for medieplattformer, medieuttrykk eller format som kan passe. Skal du lage ein kampanje i sosiale medium eller på papir, lage ein app, produsere radio eller film? Korleis skal det sjå ut? Skal uttrykket vere tradisjonelt eller moderne? Lag gjerne skisser, grovklipp eller ein prototype.

B står for fordelar – benefits

Korleis vil idéen din gjere livet til publikum betre? Vil den få dei til å le eller gråte, eller bli opplyste og informerte? Vil han gjere at dei tek del i noko nytt? Vil idéen gi ein eventuell oppdragsgivar fordelar?

C står for konkurranse – competition

Kva finst frå før? Dersom noko liknande allereie finst, kvifor er idéen din betre?

Oppdraget: Utvikle og presenter ein idé

1. Start med idéen (vel A eller B)

A) Finn fram til ein tidlegare idé som du ikkje har fått utvikla vidare, eller skap ein ny.

B) Bli inspirert av behova som ein vidaregåande klasse har lista opp som svar på spørsmålet: "Kva kunne gjort skulekvardagen lettare?" (sjå forslaga i tekstboksen under).

Har du liknande behov, eller kan du finne på andre ting som hadde gitt ein betre kvardag?

Kva kunne gjort skulekvardagen lettare?

Dette spørsmålet vart stilt i ein klasse på ein tilfeldig vald vidaregåande skule i Noreg. Kan svara inspirere deg til å utvikle ein idé?

  • Eg vil bestille take-away frå skulekantina.

  • Eg har lyst til å ha det gøy i friminutta.

  • Eg treng informasjon om endringar i timeplan og prøvedatoar.

  • Eg vil booke lydrommet etter skuletid.

  • Eg vil vere meir sosial med andre.

  • Eg orkar ikkje stanken i klasserommet etter gymtimen. Viss berre klassekameratane mine hadde byrja å dusje etter gymmen …

  • Eg vil ha heimekontor éin dag i veka.

2. Gjer research

Ta deg god tid til research og kjeldearbeid. Finn tal, statistikk og snakk med relevante kjelder slik at du kan utvikle idéen vidare ut frå opplysningane til kjeldene.

Når du har gjort research, kan du vurdere idéen med eit meir kritisk blikk.

Bruk stega i NABC-metoden som ei sjekkliste for å svare på korleis

  • idéen din dekkjer eit behov (N – need)

  • du vil lage og forme ut idéen (A – approach)

  • idéen har fordelar (B – benefits)

  • idéen din skil seg ut / møter konkurransen frå andre (C – competition)

To personar i pentøy held i kvar sin mikrofon. Foto.

3. Lag ein pitch

Førebu ein kreativ h for å overtyde andre om at idéen din er god.

Unngå å strukturere pitchen etter NABC-metoden trinn for trinn. Forsøk heller å bruke vurderingane du har gjort for å grunngi idéen og vala du tek, og lag ei original framføring.

Eit godt råd frå bransjen er: "Keep it simple, stupid!" Start gjerne med ei utsegn som vekkjer forvitenskap. Du kan illustrere pitchen din med enkle skisser eller stillbilete. Ikkje grav deg ned i detaljar, det gidd ingen å høyre på.

Og hugs: Dersom ikkje du er entusiastisk, blir ikkje andre det heller.

Relatert innhald

NABC-metoden er ein metode for vurdering av idear som set brukarane sine behov i sentrum.

Du har ein kjempegod idé til ein kortfilm. Men det kostar mange pengar å produsere filmen. Då treng du ein god pitch.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2021

Læringsressursar

Slik planlegg du ein medieproduksjon