Teknikkar for idéutvikling i medieproduksjon
Idéutvikling blir brukt i alt profesjonelt arbeid med medieuttrykk. Ein journalist kan ha nytte av idémyldring for å finne fram til interessante vinklingar i ei sak.
I kommunikasjons- og reklamearbeid blir idéutvikling brukt i startfasen for å klargjere desse punkta:
- Kven er målgruppa?
- Kva er bodskapen?
- Kva vil vi oppnå med kommunikasjonen vår?
- Kva forteljing skal vi fortelje?
Det finst tallause teknikkar for idéutvikling. Nokre kan brukast individuelt, og andre eignar seg best i samarbeid mellom fleire. Ofte er det nyttig og nødvendig å kombinere ulike teknikkar.
Her er nokre teknikkar som blir brukte i arbeid med medieproduksjon:
Brainstorming
Meister
Kleshengar
Det er ikkje uvanleg at ein person blir beden om å vere leiar, eller lós, for idéutviklingsprosessen. Han eller ho passar på tida, sørgjer for at stemninga er god, og at idéutviklinga blir dokumentert. Trygge, avslappa og leikne rammer for prosessen gjer at fleire tør å kome med ideane sine.
Her er nokre øvingar som kan gjere gruppa tryggare på kvarandre:
Relatert innhald
I JA-fasen bruker du kreative metodar som får fantasien til å springe løpsk.