Oppgåve
Lag eit storyboard med tre scenar
Skisser opp tre scenar som beskriv korleis to menneske møtest, og få tilbakemelding frå medelevar.
- Last ned og skriv ut malen: Mal til storyboard og magasinskisser, eller teikn opp ruter på eit A4-ark.
Filer
- Tenk over kva for to personar du vil skal møtast.
- Skisser opp dette møtet visuelt. Bruk kort tid. Ta gjerne tida med stoppeklokke og gjenta prosessen nokre gonger.
- Få med detaljar som viser retning, rørsle og avstand.
- Ha klart for deg kva for utsnitt, perspektiv, kamerarørsler og komposisjonsprinsipp du vil bruke.
- Jobb to og to eller i større grupper.
- Vis kvarandre skissene. Forklar korleis du oppfattar den andre sine skisser.
- Stemmer oppfatninga dei har av kva som skjer i scenane, med det som var hensikta? Er 'møtet mellom to personar' oppfatta på rett måte?
- Diskuter kor godt de traff med den visuelle formidlinga, for eksempel på ein skala frå 1–10? Kva vart forstått og ikkje? Kvifor gjekk det som det gjekk?
- Gi konstruktive tilbakemeldingar på ideane til kvarandre og skriv ned nokre betringspunkt for ideane og for skissene.
- Bli einige med lærar om eventuell levering av arbeidet.