Hopp til innhald

Fagstoff

Film: Steg i den kreative prosessen

Korleis utviklar profesjonelle medieprodusentar ideane sine? Her deler speleutviklar Peter Meldahl og grafisk designar Stine Karlsen sine tips om idéutvikling og den kreative prosessen.



Kort samandrag av filmklippet

  • Vurder rammevilkåra. Økonomiske omsyn, kven er du og eventuelt dei andre som skal samarbeide. Kva kan de?
  • Definer rammeverket for oppdraget. Kven er målgruppa? Kva er føremålet? Deadlines?
  • Gjer research. Søk på nettet, les bøker, spør fagfolk eller eventuelt kunden. Hugs: Det finst ingen dumme spørsmål i research-fasen!
  • Bli inspirert! Samle inn masse ulike uttrykk. Bruk god tid! Bruk internett, naturen. Lån gjerne frå andre, men legg til nye element.
  • Idémyldré-prosessen: Lag skisser, teikn, bruk dataverktøy. Ikkje sensurer deg sjølv! Jobb gjerne med andre i denne fasen.
  • Kritikk: Gi og få konstruktiv kritikk frå andre for å luke ut ideane.
  • Står du fast? Ta ein pause.
  • Evaluer det du har kome fram til.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021

Læringsressursar

Slik planlegg du ein medieproduksjon