Nyttige kjelder for mediefag
Faktisk.no: Ein nettstad som faktasjekkar det offentlege ordskiftet og avdekkjer falske nyheiter.
Kildekompasset: Nettstaden viser korleis du bruker kjelder rett.
TinEye: Biletsøkjemotor. Du kan laste opp eit bilete, og så vil søkjemotoren finne liknande bilete frå andre stader på nettet.
Digitaliseringsdirektoratet: universell utforming av IKT: Digitaliseringsdirektoratet er eit forvaltningsorgan som utviklar offentlege etatars kompetanse på digitaliseringsområdet.
Medietilsynet: Medietilsynet er eit statleg organ som mellom anna fører tilsyn med marknads- og eigarforhold i media, set aldersgrenser på film og behandlar klager som gjeld kringkasting.
Regjeringa: søk (medier): Her finn du informasjon frå regjeringa om medierelaterte saker.
Stortinget: søk: Hald deg oppdatert det som skjer på Stortinget. Bruk til dømes "medium" som søkjeord, eller klikk deg inn på "saker" og sjå kva som er under behandling
Aftenposten er ei regional dagsavis frå Oslo.
Dagbladet er ei landsdekkjande laussalsavis.
Dagens Næringsliv er ei dagsavis som særleg har stoff om næringsliv og økonomi.
Dag og Tid er ei vekeavis på nynorsk med mykje kommentar- og debattstoff.
Klassekampen er ei uavhengig og radikal avis. Avisa definerer seg som «dagsavisa til venstresida».
Morgenbladet er ein uavhengig kultur- og kommentaravis.
Nationen er ei avis som kallar seg «næringsavisa til distrikta»
NRK er ein statleg eigd, norsk allmennkringkastar.
NTB er norsk presses sentrale nyheits- og biletbyrå.
TV 2 er ein kommersiell allmennkringkastar, etablert i 1991 som Noregs første private TV-selskap.
VG er ei landsdekkjande laussalsavis.
A-tekst er eit digitalt arkiv som inneheld nyheiter frå både trykte og digitale kjelder (spør lærar eller bibliotekar om innlogging).
Journalisten er eit bransjeblad for pressefolk.
Kampanje er eit bransjemagasin for media- og kommunikasjonsbransjen.
Kreativt Forum er ein nettstad som omtaler kreativt kommunikasjonsarbeid.
Grafill er ein organisasjon for utøvarar og studentar innan design og illustrasjon, med fyldig nettside.
Norsk filminstitutt er forvaltningsorganet til staten på film- og speleområdet. Norsk filminstitutt gir tilskot til utvikling, produksjon, lansering og formidling av filmar, seriar og spel.
Rushprint er eit nettmagasin for film-, tv- og kinolivet i Noreg og Norden, og for den film- og tv-interesserte.
Kantar er eit byrå som driv med marknadsundersøkingar.
Reportere uten grenser er ein uavhengig, internasjonal journalistorganisasjon som arbeider for pressefridom.
SSB: Norsk mediebarometer viser statistikk som kartlegg bruk av ulike medium og tilgangen til desse.
NDLA: NDLA film: Her finn du kortfilmar, spelefilmar og dokumentarar med open lisens.
Pinterest: Her kan du finne inspirasjon til arbeidet ditt. Søk til dømes på "brochure inspiration". Pinterest krev at du registrerer deg.
Tineye: Multicolr: Search by color: Her kan du gjere bildesøk basert på fargar.
Ønskjer du fleire kjelder til inspirasjon?
Sjekk ut denne ressursen frå NDLA:
Guide: medieinnhald til nedlasting