Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering av emnet slik planlegg du ein medieproduksjon

Sjekk kva du kan om idéutvikling, kreative metodar, research og produksjonsplanlegging.

Kva har du lært om planlegging av medieproduksjon?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva ein idé er, og kjenner til ulike metodar for idéutvikling.

  • Eg forstår kvifor det er viktig å samarbeide med andre i eit kreativt team, og kjenner til dei viktigaste fasane i den kreative prosessen.

  • Eg veit kva ei målgruppe er, og korleis eg kan skreddarsy ei medieforteljing slik at ho fengjer målgruppa.

  • Eg veit korleis eg kan presentere og selje inn forslag til ein medieproduksjon slik at andre blir interesserte.

  • Eg veit korleis eg kan planleggje ein medieproduksjon, og korleis eg lagar ein produksjonsplan.

  • Eg veit korleis eg går fram i researchfasen, og kjenner til nokre viktige kjelder for mediefagleg arbeid.

  • Eg veit korleis eg går fram for å vurdere og dokumentere eit arbeidsoppdrag.

Sjekk om du kan fagomgrepa