Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Søk i offentlege postlister og saksarkiv

Mange av sakene som lokalavisene skriv om, tek utgangspunkt i offentlege postlister, saksutgreiingar og vedtak. Øv deg på å finne informasjon om lokale saker som det kan vere interessant å skrive om.
Nærbilete av ein PC-skjerm, der musepeikaren svever over ein knapp merkt «Search». Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfør research for lokalavisa di

Alle kommunar i Noreg skal gjere postlistene sine tilgjengelege for offentleg innsyn. Det vil seie at alle interesserte kan sjå utgåande og innkomande korrespondanse i kommunen.

Innbyggjarane har også rett til innsyn i saker som skal behandlast politisk, og til vedtak som blir gjorde i slike saker.

Enkelte dokument er haldne unna offentleg innsyn, og dei er gjerne merkte med «u.off.» i listene. Du kan søkje kommunen om innsyn i eit dokument som ikkje skal gjerast offentleg. Blir førespurnaden om innsyn avslått, kan du klage vedtaket inn for statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) via kommunen.

Oppgåve:

  • Naviger deg fram til heimesidene til din kommune, og gjer eit søk i postlistene og saksarkivet til kommunen. Du kan også bruke den statlege søkjetenesta eInnsyn eller søkjeteenesta Norske postlister til å søkje etter nyheiter frå ditt distrikt. Etter kvart vil du også finne slike tenester på faktisk.no.
  • Søk på fleire ulike datoar. Kva slags informasjon finn du i listene over aktuelle saker i kommunen din?
  • Kva for saker, brev eller meldingar kan det vere spennande å få vite meir om?
  • Last gjerne ned aktuelle dokument dersom det er mogleg. Diskuter funna i grupper eller i klassen.
CC BY-SASkrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Slik planlegg du ein medieproduksjon