Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: Overtyd vaksineskeptikarar

Jobb saman i grupper med å planleggje og produsere innhald til ein haldningskampanje. Bruk det de veit om strategisk kommunikasjon, til å vurdere korleis de best kan nå fram til dei mest skeptiske målgruppene.
Ein helsearbeidar set ei vaksinenål i overarmen til ei dame. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med oppgåva er

  • å vise at du forstår kva er

  • å vise korleis bruk av teknologi og ulike kan bidra til at ein oppdragsgivar når målet sitt

  • å vise at du veit kva ein er, og kan lage ein kommunikasjonsplan

  • å vise at du forstår forskjellen på og format og kan bruke ulike mediekanalar til å nå bestemte

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag: Planlegg og gjennomfør ein haldningskampanje

Målet med kampanjen er å få vaksineskeptikarar til å vaksinere seg mot ein svært smittsam og livstruande sjukdom. I dette tilfellet handlar det om pandemien forårsaka av koronaviruset.

  • Kampanjen skal vere retta mot tre ulike målgrupper.

  • Oppdragsgivarane er Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

  • Jobb saman i mindre grupper.

I gruppa skal de lage ein plan for korleis de vil bruke teknologi og ulike mediekanalar i ein tenkt haldningskampanje og produsere tre ulike medieuttrykk.

1. Planlegging og research

Set dykk godt inn i ansvarsområdet til oppdragsgivarane.

Gjennom grundig skal de også finne ut kva grupper i befolkninga som er mest skeptiske til å ta koronavaksine.

Bruk denne informasjonen til å diskutere dykk fram til kva for nokre aktuelle målgrupper kampanjen skal rette seg mot.

Vel uttrykksformer, format og kanalar som de trur kan nå ut til desse målgruppene og overtyde dei om å ta vaksinen.

Ta høgd for dei moglegheitene som ligg i bruk av ny teknologi.

2. Produksjon av kommunikasjonsplan og medieuttrykk

Lag ein plan for haldningskampanjen som oppfyller krava til ein kommunikasjonsplan.

Lag tre ulike som skal inngå i haldningskampanjen. Vel målgruppe, sjanger, format og kanal.

Produksjonane skal ha ein tydeleg bodskap og ei form som er eigna til å overtyde mottakaren.

Individuelt etterarbeid

Lag ein grundig refleksjonsrapport der du gjer greie for dei tankane de gjorde dykk i planleggingsfasen, og dei utfordringane de støytte på i produksjonsfasen.

Drøft til slutt i kva grad norske styresmakter har lykkast med kampanjane sine for å få folk til å vaksinere seg, og kva som må til for å få overtyde vaksineskeptikarar om å ta vaksinen.

Kvifor trur du de vil lykkast med den haldningskampanjen de har laga?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar