Oppgåve
Vurder bruk av ein animasjon i planlagd kommunikasjon
Kommunikasjonsbransjen jobbar med strategisk kommunikasjon. Strategisk kommunikasjon er planlagd kommunikasjon og har alltid eit bestemt føremål.
Sjå animasjonen over og diskuter i klassen eller saman med ein medelev:
- På kva for måte kan denne animasjonen brukast som ledd i strategisk kommunikasjon?
- Kven ser de som mottakarar av bodskapen?
- Kven er avsendar?
- I kva for kanalar er det naturleg å bruke han?
- Kva vil føremålet vere?
- Kva for andre kommunikasjonstiltak ville det vere naturleg å setje i verk samtidig som denne animasjonsfilmen vart distribuert?