Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg AR-produksjon

Teknologisk utvikling skjer kjapt, og frå ein dag til ein annan kan nye tekniske løysingar endre kvardagen din radikalt. No skal du bidra i utviklinga og sjå for deg nye løysingar ved hjelp av AR.
Hender som held eit nettbrett framom eit bymiljø, og bymiljøet er på skjermen. På skjermen har det dukka opp fleire boksar med tekst og ikon med informasjon om ein kafé, eit hotell og kyrkja på biletet. Illustrasjon.

I denne oppgåva skal du jobbe med utvikling av løysingar som tek i bruk . Du kan ta utgangspunkt i AR-funksjonalitet som finst, eller du kan sjå for deg nye tekniske løysingar som kan kome.

Oppdrag

Lag ei AR-løysing der den verkelege og den digitale verda blir foreinte for å løyse eit behov, bidra til opplæring eller vere underhaldning.

Vel oppgåve 1a, 1b eller 1c. Gjer oppgåve 2 i tillegg. Oppgåve 3 kan du gjere dersom det er tid.

1. Idé

Jobb godt med idéfasen. Lag tankekart med idéar. Du kan lage moodboard over stilen og teikne opp skisser og wireframes og vise fram korleis folk kan bruke AR-løysinga di. Vel oppgåve a, b eller c.

  1. Løyse eit behov

    Finn eit behov som AR kan løyse. Er det nokon situasjonar der digital teknologi kan vere til hjelp for deg eller andre grupper?

  2. Opplæring

    Du skal utvikle ei AR-løysing som kan brukast for å skape og støtte læring. Kven er målgruppa? På kva måte kan AR-løysinga kombinere fordelar frå den virtuelle og verkelege verda?

  3. Underhaldning

    For nokre er det nesten utenkjeleg med ein dag utan mobiltelefonen, og han dekkjer mange behov. Underhaldning er eit av desse. Det kan bli for mykje skjerm og lite aktivitet. Lag ei løysing med fokus på aktivitet i den verkelege verda, og finn måtar å integrere AR på som kan fengje.

2. Pitch

No skal du førebu ein pitch – ein kort presentasjon på tre minutt der du skal selje inn AR-løysinga di for eit panel eller større publikum. Panelet kan bestå av lærarar, bransjefolk og/eller medelevar.

Vis fram løysinga di med skisse eller prototype, og sel inn kvifor denne løysinga bør kome ut på marknaden.

Du kan lese meir om pitching på denne sida:

3. Utvikle og lage løysing

Dersom det er tid og du har den naudsynte kompetansen, kan du bruke innspel frå pitche-runden og utvikle AR-løysinga di teknisk.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar