Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon, strategi og teknologi

Produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert ved hjelp av teknologi og strategiar. Ulike interesser kan liggje bak.
Til venstre står ein blå figur og held ordet "avsendar" som ein plakat. Til høgre står ein grøn figur med ordet "mottakar". Mellom dei går ei pil frå venstre til høgre gjennom ordet "bodskap". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremålet med kommunikasjonen

Kommunikasjon er ein prosess der ein bodskap blir overført frå ein avsendar til ein mottakar. Informasjon er det som blir formidla når vi kommuniserer. Føremålet med all kommunikasjon er å formidle ein som festar seg hos mottakaren.

  • Av og til ønskjer vi berre at den andre skal forstå korleis vi tenkjer, og kva vi kjenner. For ein skjønnlitterær forfattar er ofte det føremålet.

  • Andre gonger ønskjer vi å opplyse om noko vi meiner at det er viktig for mottakaren å kjenne til. Journalistar og offentlege styresmakter har gjerne ein slik dagsorden.

  • Føremålet kan også vere å påverke den vi vender oss til, til å endre meiningar og haldningar eller handle på ein bestemt måte.

I møte med ein kommunisert bodskap bør vi alltid spørje oss sjølve kva føremål og kva interesser avsendaren har, og kven som er den eigentlege oppdragsgivaren. Når vi har klarlagt føremålet, kan vi lettare vurdere bodskapen på ein kritisk måte.

Plakat som ved hjelp av 12 ulike illustrasjonar og stikkord informerer om ulike signal som blir brukte av dei som jobbar med løftekraner. Illustrasjon.

Kommunikasjonsstrategi

Ein strategi er ein gjennomtenkt plan for korleis vi kan nå eit mål. Ein kommunikasjonsstrategi er ein plan for korleis innhald, form og formidling av ein bodskap kan bidra til å opplyse eller påverke mottakarane i retning av det vi ønskjer å oppnå med kommunikasjonen.

To kvinner og ein mann står og diskuterer framfor ei stor tusjtavle i eit kontorlokale. På tavla heng det påskrivne post-it-lappar i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I har avsendaren eit klart mål for kva kommunikasjonen skal føre til. Her er tre døme på mål:

  • For helsestyresmaktene kan målet vere å få alle innbyggjarane i Noreg til å vaksinere seg mot covid-19.

  • For ei bedrift kan målet vere å selje fleire elektriske bilar av eit bestemt merke.

  • For ein politikar kan målet vere at partiet får fleire stemmer frå Nord-Noreg ved neste stortingsval.

Som kjent er det mange vegar til målet. Éin type kommunikasjonsstrategi kan fungere godt overfor eldre, men vere heilt feilslått dersom mottakargruppa er ungdomsskuleelevar.

Strategiar kan også bli oppbrukte. Det som fungerte fint for ti år sidan, kan ha liten effekt i dag. Profesjonelle kommunikasjonsarbeidarar må derfor jobbe kontinuerleg med å utvikle nye strategiar.

Teknologi og kommunikasjon

Medieteknologi er eit viktig verktøy for alle som jobbar i kommunikasjonsbransjen. Då radioen blei vanleg hos folk flest på 1950-talet, blei det enkelt for styresmaktene å nå raskt ut med viktig informasjon, anten det gjaldt stormvarsel, børsnoteringar eller meldingar til fiskeriflåten.

I dette klippet frå NRK Skole høyrer du nokre radiostemmer frå 1960-talet:

fekk for alvor vind i segla tidleg på 1900-talet, då filmteknologien gjorde det mogleg å kommunisere ved hjelp av levande bilete. Filmmediet har vist seg å ha stor påverknadskraft.

I vår tid har digitalisering og tilgang til internett gjort det mogleg å spreie informasjon meir effektivt og på heilt andre måtar enn før. I dag blir informasjonsstraumar på nettet styrte av og avanserte . På denne måten kan avsendaren skreddarsy bodskap retta mot enkeltindivid ut frå innsamla kunnskap om kva vi liker.

Ein slik teknologi er også eit effektivt verktøy for personar og grupperingar som ønskjer å styrkje sin eigen posisjon gjennom å villeie befolkninga ved hjelp av og såkalla "alternative fakta".

Nokre viktige omgrep

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar