Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis byggje omdømme?

Kva synst folk om deg? Kva synst du om andre folk? Om IPhone eller Samsung? Eller ein spesiell artist? Dei oppfatningane vi har over tid om personar, bedrifter eller organisasjonar blir kalla omdømme.
Forretningsfolk feirer felles arbeidsinnsats. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit godt omdømme?

På det personlege planet ønskjer du å bli sett på som ein god venn og ein andre kan stole på. Bedrifter og organisasjonar, eller verksemder, ønskjer seg også eit godt omdømme.

Eit godt omdømme handlar om at folk er positivt innstilte til verksemda, produktet eller til ein person.

  • Lagar du telefonar, ønskjer du at kundane skal tenkje på dine modellar som dei beste eller dei som gir mest for pengane.
  • Speler du fotball, ønskjer du at andre skal sjå på ditt lag som det beste.
  • Leier du ein medlemsorganisasjon, håpar du at medlemmane skal føle dei får mykje igjen for å vere med.
  • Politikarar på si side ønskjer å ha eit omdømme som nokon som viser handlekraft og har ein fornuftig politikk.

Tenk over

Tenk på to verksemder du har god kjennskap til. Har dei godt eller dårleg omdømme? Kvifor?

Diskuter med ein medelev.

Verksemder kan oppleve krisar. Ein mediestorm når flyavgangar blir innstilte, er eit døme på ein krise. Dersom flyselskapet i utgangspunktet har eit godt omdømme, vil det vere lettare å få ein sjanse til av kundane. Dette gjeld spesielt dersom omgivnadane opplever at verksemda angrar og ønskjer å forbetre seg.

Det er også slik at omdømme er meir varig enn eit enkeltinntrykk av ei verksemd. Enkeltkrisar eller kortvarige mediestormar øydelegg ikkje nødvendigvis omdømmet på lang sikt. Det er menneskeleg å tilgi, og det er menneskeleg å gløyme.

Identitet og omdømme

Identiteten til ei verksemd og arbeidet med eige omdømme heng saman. Det er vanskeleg å vere bevisst sitt omdømme og jobbe med det, dersom verksemda ikkje kjenner seg sjølv og veit kva for verdiar ho står for.

Jobbar du med identiteten til ei verksemd, er det viktig å først forstå kva dei tilsette eller medlemmane meiner. «Kven er vi?», «Kven vil vi vere?» og «Kva er sentralt, unikt og varig ved vår verksemd?»

Identiteten må vere forankra internt i organisasjonen, elles vil det vere vanskeleg å vere truverdig utanfor han.

Skiva gulost frå Synnøve Finden og Norvegia frå Tine side om side i butikkhyllene. Bilde.

TINE seier til dømes at dei er: «et samvirkeselskap som eies av melkeprodusenter som leverer melk til selskapet. På den måten skaper TINE verdier i et nært samspill mellom norsk natur, landbruk og marked.»…

TINE er forvaltar av norsk kulturarv og «tar også ansvar for å fremme småskalaproduksjon og mangfold».

Ein konkurrent som Synnøve Finden er derimot eigd av det private merkevareselskapet Scandza. Synnøve karakteriserer seg som ein «liten aktør» og «en utfordrer innen norsk dagligvare». Viss TINE er Goliat, er Synnøve David.

Korleis oppfattar du Tine og Synnøve Finden? Kva slags identitet har kvart av selskapa, og hva tenkjer du kjenneteiknar omdømmet deira?

Gjer deg opp nokre meiningar og diskuter gjerne med ein medelev eller i klassa.

Omdømmedrivarar

Det du svarer på i spørsmåla over, vil vere påverka av den personlege erfaringa du har med produktet eller tenesta, det du høyrer frå venner og familie og det du har fått med deg frå sosiale medium og nyheiter.

Du kan ha høyrt eller opplevd at eit produkt eller ei teneste har høg kvalitet eller ein god pris, eller at ei bedrift behandlar sine tilsette godt og sponsar det lokale idrettslaget. Dermed får du eit positivt inntrykk av verksemda, og verksemda kan ha sikra seg eit godt omdømme hos deg.

Måling av omdømme

Det finst firma som måler oppfatningar folk har av verksemder. Folk sitt inntrykk av ulike sider ved ein bedrift eller organisasjon vil i neste omgang påverke omdømmet positivt eller negativt.

Det kan vere inntrykk av:

  • produkt og tenester
  • økonomi og drift
  • innovasjon
  • arbeidsmiljø
  • leiing
  • samfunnsansvar

Punkta er døme på drivarar for eit omdømme. Eit godt omdømme vil vere resultatet av totalen av omdømmedrivarar.

Tillit, etikk, respekt og miljøbevisstheit er døme på andre drivarar som kan målast i samband med omdømmeanalyse og -bygging.

Menneske på Oslo sentralstasjon. Foto.

Interessentar, identitet, åtferd og omdømme

På fagspråket seier vi at omgivnadane til verksemder består av ulike interessentar. Interessentar er folk som kan ha betyding for verksemda og folk som verksemda har betyding for. Interessentar kan altså vere alt frå kundar, medlemmer og medium til politikarar og forvaltninga.

Verksemder og politikarar er avhengige av eit godt omdømme. Kva ønskjer ei verksemd eller ein person å vere, og kva for verdiar blir formidla?

For å sikre omdømme er det viktig å etterleve erklæringar og møte forventningar som er skapte hos interessentar. Det må vere samanheng mellom verdiar og åtferd og det som blir kommunisert ut til omgivnadane.

  • Når du som kunde legg mange pengar på bordet for eit produkt, forventar du deg meir av dette enn av konkurrenten sitt billigare produkt.
  • Vel vi politikarar som seier dei vil kutte i offentleg sløsing av middel, forventar vi òg at desse politikarane ikkje skriv reiserekningar med gaffel.

Tenk over

Det kan vere ulike forventingar knytt til ulike verksemder:

McDonalds kan få masse kritikk i media frå kosthaldsekspertar, men salstala kan gå opp.

Kva trur du dette skuldast?

Kommunikasjon

Verksemder må altså vareta og byggje relasjonar til omgivnadane. Til dette treng ein, og brukar ein, kommunikasjon. Verksemda må kommunisere for å:

  • vere synleg for ulike grupper interessentar
  • kunne skiljast frå eventuelle konkurrentar
  • bli oppfatta som ærleg, open og mottakeleg for tilbakemeldingar
  • kunne vise til samsvar mellom løfter og åtferd

Ta for deg dei verksemdene du diskuterte heilt i byrjinga:

Korleis kommuniserer desse? Korleis kunne dei kommunisert for å (eventuelt ytterlegare) forbetre omdømmet sitt?

Relatert innhald

Interessentar er dei enkeltmenneska eller gruppene av menneske ei verksemd eller ein organisasjon er gjensidig avhengig av.

CC BY-SASkrive av Øyvind Ihlen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar