Hopp til innhald

Fagstoff

Strategiar for politisk kommunikasjon

Som førstegongsveljar er det mange som kjempar om merksemda di. Alle partia ønsker å kapre ein fersk veljar. Derfor prøver dei å informere om kva dei står for, og vil marknadsføre partiet sitt på best mogleg måte.
Ei gågate eller eit fortau med folkemylder. Representantar frå fleire politiske parti står på stand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Politisk kommunikasjon

Formålet med politisk kommunikasjon er å spreie informasjon om kva partia står for, bygge eit godt omdømme og påverke veljaråtferd.

Informasjon om politiske spørsmål er viktig i eit demokrati. Vi må vite kva dei partia og personane vi skal stemme på, står for.

Politikarane er avhengige av at folk har tillit til dei, og at partiet dei representerer, har eit godt omdømme. Dei fleste partia har i dag tilsett profesjonelle medierådgivarar og kommunikasjonsmedarbeidarar som arbeider strategisk med omdømmebygging.

Politisk marknadsføring

Politisk marknadsføring inneber å formidle og "selje inn" bestemde verdisyn og haldningar og å få folk til å gjennomføre spesielle handlingar – som å stemme på eit bestemt politisk parti ved val.

Reklame skil seg frå andre medieuttrykk ved at sendaren har betalt for å få formidla bodskapen sin. I Noreg er det tillate å distribuere politisk reklame både i postkassar, via telefon og e-post og ved personleg oppmøte. Moglegheitene til å reservere seg mot reklame gjeld altså ikkje for politisk reklame.

Politisk reklame formidlar mykje nyttig informasjon, men som annan reklame legg han stort sett berre vekt på dei positive sidene ved den politikken partiet kjempar for. Dei negative sidene blir det gjerne ikkje sagt noko om. Derfor er det viktig å vere kritisk til politisk reklame og stille spørsmål både til det som blir sagt, og det som ikkje blir sagt.

Valbrosjyrar og stands

I samband med stortingsval og lokalval får dei fleste av oss postkassen full av brosjyrar som fortel kva saker dei ulike partia brenn for. Reklameplakatar for politiske parti blir slått opp overalt.

I norsk politikk er det mindre personfokus enn i mange andre land. Der er det vanleg med svære plakatar som viser glamourbilete av politiske kandidatar. I Noreg fokuserer valplakatane meir på parti og ideologiske standpunkt.

Politisk reklame i redaksjonelle medium

Den norske kringkastingslova tillèt ikkje reklame for livssyn eller politiske bodskapar på tv. Grunngivinga er at tv-reklame er dyrt, og at alle skal sikrast likeverdige vilkår for politiske ytringar. Både NRK og TV 2 legg i staden vekt på redaksjonell dekning av valkampen, der alle politiske grupperingar kjem til orde, men slik at dette speglar oppslutninga partia har i befolkninga. Forbodet mot politisk marknadsføring gjeld likevel ikkje for aviser, nettsider, radio, bloggar eller podkastar.

I 2023 foreslo ytringsfridomskommisjonen at forbodet mot tv-reklame skal opphevast. Argumentet er at færre ser på tv, og dei fleste er likevel eksponerte for politisk reklame i sosiale medium. Politisk reklame i tv blir sett på som ein del av .

Politisk marknadsføring i sosiale medium

Instagram-annonse for Miljøpartiet Dei Grøne. Biletet er ein illustrasjon som viser ti rosa bilar på ein motorveg. Over svever eksosskyer. I bakgrunnen står det grå blokker. Teksten på biletet er "Nei til mer trafikk i byene. Miljøpartiet De Grønne". Under biletet har "degronne" skrive "Kloden vår koker, og Amazonas brenner". Skjermdump.

Forbodet mot politisk reklame gjeld ikkje i sosiale medium. Det er kanskje i slike kanalar du vil merke trykket frå politiske parti mest, spesielt under valkampen før eit val.

Mange er bekymra for verknaden av politisk marknadsføring i sosiale medium, ikkje minst ut frå erfaringar frå presidentvalet i USA i 2020. Sosiale medium har ingen redaktør som fjernar løgner og usanningar. Og det er lett å tru på og la seg påverke av politisk informasjon som blir distribuert gjennom personlege nettverk vi har tillit til.

Automatiserte kontoar på sosiale medium gjer det mogleg å publisere svært mange innlegg på kort tid. Slike "botar" spreier politisk informasjon raskt og billeg, men er òg effektive våpen for dei som ønsker å spreie falsk informasjon.

Skreddarsydde bodskap

I sosiale medium blir dei politiske bodskapane du blir utsett for, skreddarsydde ved hjelp av og avanserte som tek i bruk personleg informasjon du har lagt igjen på ulike nettstader. Denne forma for marknadsføring er svært effektiv, og dei politiske partia bruker derfor stadig meir pengar på marknadsføring i sosiale medium.

Tenk deg at ein nær familiemedlem har fått kreft. Når du opnar kontoane dine i sosiale medium, blir du bombardert med politiske utspel som handlar om utbygging av sjukehus og finansiering av nye behandlingsformer.

Er det ok?

Mikromålretting er ikkje ulovleg og kan føre til at du som veljar får politisk informasjon som du opplever som viktig for deg. Funn i Datatilsynets undersøking i 2019 tyder likevel på at norske parti er noko tilbakehaldne i bruk av personleg målretting av politiske bodskapar. Likevel hadde ingen av partia på det tidspunktet nedskrivne retningslinjer for bruk av persondata i valkamp (Datatilsynet, 2019).

Søkemotorar er programmerte til å gi deg treff på nettstader dei meiner passar til preferansane dine. På den måten risikerer du å bli fråteke moglegheita til å bli konfrontert med andre politiske synspunkt enn dei søkemotoren trur du allereie har.

Regulering av teknologidriven politisk marknadsføring

Mange er bekymra for manglande regelverk rundt politisk marknadsføring i sosiale medium. I ein rapport frå 2019 foreslår Teknologirådet følgande regulering:

  • Politiske parti må vere opne om korleis dei bruker data, og i tillegg merke annonsar på nett og i sosiale medium.
  • Partia bør avklare kva typar data det er greitt å bruke for målretta politisk reklame.
  • Politiske reklamar på nett og i sosiale medium bør lagrast i eit arkiv, og det bør førast revisjon.
  • Det bør vere klare retningslinjer for kva ansvar og forpliktingar dei internasjonale it-gigantane som Facebook og Google har. (Teknologirådet, 2019)

Chatbotar og val

Chatbotar skal vere trente til ikkje å skulle gi politiske råd, men via omvegar og lure leietekstar frå brukaren kan dei likevel komme til å tilrå eit bestemt parti. Styresmakter i demokratiske land er bekymra for at enkelte chatbotar kan vere politisk vinkla i ei bestemd retning. Bekymringa gjeld spesielt om chatbotar vil bidra til sterkare polarisering og meir ekstremisme.

Regulering av teknologi og ei kritisk tenkande befolkning blir sett på som spesielt viktig for å sikre eit velfungerande demokrati.

Kjelder

Barland, M. (2019, 8. mai). Valg, teknologi og politisk påvirkning. Teknologirådet. https://teknologiradet.no/wp-content/uploads/sites/105/2019/05/valg-teknologi-og-politisk-pavirkning_m-lenker.pdf

Datatilsynet. (2019, 20. juni). Målretting av politiske budskap. https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-verktoy/rapporter-og-utredninger/malretting-av-politiske-budskap/

Forbrukarrådet. (2021, 9. juni). Reklame for politiske partier. https://www.forbrukertilsynet.no/reklame-fra-politiske-parti

Løkkevik, O. (2019, 31. oktober). For og mot politisk reklame i sosiale medium. VG. https://www.vg.no/spesial/c/stories/wpkrkl?utm_source=recirculation-matrix&utm_content=vQpQB4

Medietilsynet. (2019, 30. august). Forbud mot politisk reklame på tv. https://www.medietilsynet.no/nyheter/nyhetsarkiv/aktuelt-2019/forbud-mot-politisk-reklame-pa-tv/

Sandbu, M. (2020, 21. januar). Politisk propaganda slår hardere på internett. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/0nlglo/politisk-propaganda-slaar-hardere-paa-internett-martin-sandbu

Theophilakis, A. (2019, 4. september). Politisk reklame fungerer, bare kanskje ikke slik du tror. Kampanje. https://kampanje.com/markedsforing/2019/09/--politisk-reklame-fungerer-bare-kanskje-ikke-slik-du-tror/

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2024

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar