Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet profesjonell kommunikasjon og ny teknologi

Kva er forskjellen på marknadskommunikasjon og journalistikk? Kva problem kan oppstå i møtet mellom journalistikk og kommunikasjonsarbeid? Korleis bidreg ny teknologi og kommunikasjon til at verksemder når måla sine? Vurder kva du kan om dette emnet.

Kva har du lært om teknologi og strategisk kommunikasjon?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg forstår forskjellen på journalistikk, kommunikasjonsverksemd, marknadskommunikasjon og politisk kommunikasjon.

  • Eg veit kva som kjenneteiknar strategisk kommunikasjon, og kan nytte det eg veit, i mine eigne medieproduksjonar.

  • Eg veit kva ein kommunikasjonsstrategi er, og korleis ei verksemd kan bruke ulike kommunikasjonsstrategiar for å nå eit mål.

  • Eg forstår korleis teknologi og nye mediekanalar kan brukast for å skreddarsy informasjon retta mot bestemde målgrupper.
  • Eg kan identifisere kva hensikter og interesser ein avsendar har, og kan drøfte ulike sider ved målretting i kommunikasjon.

Forstår du desse sentrale fagomgrepa?