Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Krisekommunikasjon

Alle skular er pålagde å ha ein plan for krisehandtering og krisekommunikasjon. Denne planen seier noko om informasjonsformidling når ei krise oppstår. Du skal no informere elever, lærere og føresette om kva denne kriseplanen går ut på.
Ung mann står utenfor en skole med en pc og et eple i hånden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Face 1: Skriv ein informativ artikkel

Ta kontakt med rektor på skulen din, eller med den avdelingsleiaren som har eit spesielt ansvar for den planen skulen har for krisehandtering. Lag eit intervju med vedkommande der du ber om svar på føljande spørsmål:

  • Kvifor har skulen utarbeidd denne handlingsplanen?
  • I kva for situasjonar er det aktuelt å ta denne planen i bruk?
  • Kva for informasjonstiltak er teke med i handlingsplanen?
  • Kven har ansvaret for å gjennomføre desse tiltaka?
  • Kva seier planen om korleis ein skal handtere førespurnader frå media i ein krisesituasjon?
  • Har planen blitt brukt i løpet av dei fem siste åra?
  • I tilfelle ja, blei dei tiltaka som blei sette i verk, evaluert i etterkant?
  • Blei planen justert etter evalueringa?

Fase 2

Bruk intervjuet som utgangspunkt for ein artikkel i skuleavisa, på skulen si heimeside eller på bloggen din der føremålet er å informere elevar og lærarar om handlingsplanen skulen har for krisekommunikasjon.

Relatert innhald

SWOT-analyse er ein reiskap som gjerne blir brukt i planlegginga av ein kommunikasjonsstrategi, og seinare konkretisert i ein kommunikasjonsplan.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2018

Læringsressursar

Profesjonell kommunikasjon og nye teknologiar